Anita Stølen er vinnar av julekonkurransen
Nesten 50% av all maten me kastar i Sogn kunne vore eten. I årets julekonkurranse på Facebook spurde me sogningane om tips for å unngå å kaste mat i jula.
Anita Stølen frå Leikanger gjekk av med sigeren. Hennar tips var å planlegge matlaginga betre for å redusere matsvinn i jula. Ho vinn boka “Kunsten å ikke kaste mat” og 2 stk kinobillettar til nærmaste kino i Sogn.
Her er nokre av dei andre råda me fekk:
Bruk sansene - lukt og kjenn på maten før du evt kastar
Ta vare på det som blir til overs og lag restemiddag
Lag krutongar av tørt brød og skalkar - kjempegodt til salat og suppe
Ikkje lag så mykje mat at den ikkje blir eten opp
Planlegg måltida betre, kjøp berre inn det du treng
Poteter til overs gjer seg godt i omelett neste dag
Ta med småkaker på jobb etter jula, då forsvinn dei fort ;)
Fiskemat og kjøt kan bli godt pålegg neste dag
Tusen takk til alle som engasjerte seg i julekonkurransen vår på Facebook.