Vårryddedagen 19. mars

Bli med på Vårryddedagen, ein nasjonal ryddekampanje som kvart år bidreg til å fjerne store mengder avfall frå norsk natur.

Eit sikkert vårtegn er at det dukkar opp avfall i naturen i takt med at snøen smeltar. Kvart år engasjerer heldigvis fleire tusen seg for å rydde opp, og Hold Norge Rent sparkar i gang ryddeåret med Vårryddedagen 19. mars. 

Rydde før fuglane kjem

Målet med Vårryddedagen er å ha ein felles ryddedag når boset kjem til syne etter snøsmeltinga. Det er viktig at dette skjer før ferdselsforbudet trer i kraft 15. april og hekketida er i gang for fullt.

Dette skjer Vårryddedagen 2022

Laurdag 19. mars vil det vere fleire arrangement rundt om i landet. Du kan følgje med på ryddenorge.no for informasjon om dei ulike ryddeaksjonane, eller du kan starte din egen.

Hold Norge Rent deler ut gratis ryddeutstyr til alle som vil rydde. Du finn ditt nærmaste hentepunkt i kartet på ryddenorge.no (markert som oransje kuber).

Du kan levere avfallet frå Vårryddedagen i blanke sekkar kostnadsfritt på næraste miljøstasjon.

Slik blir du en del av Vårryddedagen

  1. Finn din nærmaste ryddeaksjon via kartet på ryddenorge.no

  2. Eventuelt, opprett din eigen ryddeaksjon via ryddenorge.no og inviter med deg vennegjengen. Hugs å gje ryddeaksjonen din namn «Vårryddedagen».

  3. Del bilder og filmer med @holdnorgerent på sosiale medium. Saman skapar me engasjement!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Endra tømmeruter og opningstider i påsken

Neste
Neste

Desse laurdagane er miljøstasjonane opne i vår