Utsortering av klede og tekstil
Frå 1. januar 2025 blir alle kommunar i Noreg pålagd å legge til rette for utsortering av tekstilar.
Produksjon av klede brukar for mykje naturressursar til at me kan helde fram med å kaste det i restavfallet, som sendast til forbrenning.
For å imøtekomme kravet legg me no til rette for utsortering på miljøstasjonane våre. Det finst allereie ulike aktørar t.d. Fretex og UFF som tek imot kle til ombruk i Sogn. I tillegg til mottak av klede til ombruk, vert det no sett ut 660L behaldarar for øydelagde kle på våre miljøstasjonar. Dei er merka med klistremerke som inneheld ikonet for øydelagde klede og tekstilar, du kan sjå det lenger nede på denne sida.
Hugs å pakke klede til ombruk og gjenvinning separat.
Kva er øydelagd og kva er tekstil til ombruk?
Brukbare klede og tekstil
Om eit plagg manglar ein knapp, har ein diskret flekk eller har eit lite hol, betyr det ikkje nødvendigvis at det er øydelagt.
Er det lett å reparere, leverer du det saman med andre brukbare klede og tekstilar. Brukbare sko, i par, leverast inn saman med brukbare klede og tekstilar. Skoa skal vere heile, reine og tørre. Manglar skoa lisser eller har mindre skjønnheitsfeil kan dei framleis gå til ombruk.
Øydelagde klede og tekstil
Øydelagde klede og tekstilar er reine og tørre klede og tekstilar som er utslitne, holete, flekkete eller som av andre årsaker ikkje lenger kan bli brukt. Øydelagde sko som går til gjenvinning kjenneteknast ved at dei ikkje kan brukast som dei er, synleg utslitne eller at det manglar ein sko paret.
Øydelagde tekstil til forbrenning
Øydelagde klede og tekstilar som er blaute eller tilgrisa slik at dei ikkje blir reine etter vask sorterast som restavfall.
Det same gjeld sko. Einslege sko uansett kvalitet kastast i restavfallet.
Puter og dynar kastast i restavfall.
SIMAS og Fretex har allereie ein avtale om innsamling av klede til ombruk, den nye ordninga med utsortering til materialgjenvinning er ein vidaføring av denne. Tekstil og klede som skal til gjenvinning pakkast separat og blir sendt saman med klede til ombruk. Frå sentralen til Fretex i Bergen transporteres tekstilane til materialgjenvinning hjå en bedrift i Polen. Der blir dei gjort om til tekstilfiber som kan nyttast som tråd i produksjon av nye klede.
Sjå også: Slik sorterer me i Sogn