Utlevering av den fjerde dunken
No køyrer me ut behaldarar til glas- og metallemballasje til alle husstandar i Lærdal og Luster kommune.
I august og september vil Sogneprodukt køyre ut behaldarar til alle husstandar i Lærdal kommune, medan ATS køyrer ut til alle husstandar i Luster kommune. Desse to kommunane vert «prøvekommunar», slik at me kan lære oss å handtere tømmefrekvens og logistikk på ein god måte.
Dei andre kommunane vil få utlevert behaldar til glas- og metallemballasje i neste runde, truleg hausten 2021.
Glas- og metallemballasje er emballasje av glas og metall der det har vore mat, drikke eller andre hushaldsvarar i då du kjøpte dei. Emballasjen skal vere tom når ein sorterer den. Skyl og rist for å få ut restar. Deretter tørk emballasjen drypptørr, så kan du sortere den.
Kva skal i behaldaren?
Ja takk:
Glasflaske
Syltetøyglas
Parfymeflaske
Barnematglas
Vinflaske
Ølflaske
Brusflaske av glas
Fetaostglas
Hudkremkrukke i glas
Medisinglas, utan medisinrestar
Matoljeflaske i glas
Krydderglas
Tomatpureglas
Hermetikkboksar
Påleggstube i metall
Syltetøylok
Telyshaldar i metall
Aluminiumsbeger
Aluminiumsfolie
Makrell i tomat-boks
Leverposteiboks
Fakkelboks
Drikkeboks utan pant
Nei takk:
Tilgriset emballasje
Knust kopp
Drikkeglas
Porselen
Keramikk
Krystallglas
Ildfasteformer
Speil
Vindusglas
Lyspære, sparepære og lysrør
Vase
Lyslykt
Blender
Kaffekanne
Drikkeboks med pant
Spiker og spruer
Småbatteri
Kniver
Gryter og panner
Gardinstang
Vaffeljern
Tørkestativ
Sprayboks med drivgass og tom sprayboks
Målingsboks i metall med restar
Visste du at mykje glasemballasje er ypperleg å gjenbruke?
Brukte glas kan brukast til oppbevaring av matrestar, kryddar, heimelaga syltetøy og sausar. Kan også brukast til praktisk oppbevaring, som å samle på gamle batteri, pennhaldar, sysaker etc. Det er sorteringsinformasjon inni loket på avfallsbehaldaren.
Om du bur i Lærdal eller Luster kommune og ikkje har fått utlevert behaldar til glas- og metallemballasje innan oktober, ta kontakt med oss på telefon 57 65 70 70 eller e-post post@simas.no.