Unngå at boset frys fast

Frys boset fast i dunkane, får ikkje renovatøren det med seg.

Når det vert så kaldt som no, kan boset lett fryse fast i avfallsdunken - særleg våtorgansik avfall. Dette inneber at renovatøren ikkje får boset med seg (grunna helsemessige omsyn skal ikkje renovatørane ta i boset, og det som ikkje fell ut av seg sjølv blir igjen i dunken).

Her er tips for å unngå at boset frys fast:

  • Legg ei avis, eggekartong, bark, strø eller flis i botn av dunken.
  • Legg gjerne tørkepapir eller avispapir oppi saman med avfallet, for å trekke til seg litt av fuktigheita.
  • Sørg for at biposen er godt knytt saman.
  • Lukk loket på papirdunken heilt, slik at det ikkje kjem fukt til papiret.

NB! Hugs å måke og strø så renovatøren kjem seg fint fram.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Container for papp/papir fjerna frå SIL-hytta

Neste
Neste

Få ein eigen oppsamlingsboks for farleg avfall