Treng hagen din næring?

Me har god kompostjord med rikt mikroliv.

SIMASkompost er veldig næringsrik jord, laga av matavfallet til våre abonnentar. Me tek alt våtorganisk avfall gjennom ein godkjent komposteringsprosess. Matavfallet blandar me med hageparkavfall og legg alt opp i store rankar. I komposteringsprosessen vert det utvikla store mengder varme slik at alt av bakteriar, frø og liknande døyr. Me loggfører temperatur, blæs inn luft og vender rankene med jamne mellomrom.

Etter kompostering ligg komposten på ettermodning i om lag eit år, og så er den klar til bruk. Våre prøvar viser eit godt næringsinnhald og ingen forureining. Komposten blir registrert hjå Mattilsynet, og stettar krava til Gjødselvareforskrifta. Sjå varedeklarasjon.

Kompostjord frå SIMAS er:

  • Eit miljøvenleg, billig og effektivt verktøy for å få ein frodig hage.

  • Rik på karbon, mikroorganismar og næring som er positivt for jordsmonnet og plantane.

  • Fri for store steinar, ugras og brunsniglar. Komposteringsprosessen vil normalt ta knekken på det meste av ugrasfrø og snigleegg.

Dei siste åra har SIMAS delteke i forskingsprosjekt saman med Njøs Næringsutvikling AS på Leikanger, og andre nasjonale og internasjonale forskarmiljø med spisskompetanse innan kompostering, mikrobiologi og jordfruktbarheit. Prosjektet har vore medverkande til at SIMAS har fått til ein næringsrik kvalitetskompost av mat- og hage/parkavfall.

Har du tilbakemeldingar angåande SIMASkompost? Send en e-post til: dagny.alvik@simas.no.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Skal du til miljøstasjonen? Ikkje gjer som Rasmus Mo ...

Neste
Neste

Sommartid og utvida opningstid på miljøstasjonane