Tre ofte spurde spørsmål om kjeldesortering

Hausten er tida for å drikke te, men veit du korleis du skal sortere teposen?

Dèt er faktisk eitt av dei mest spurde spørsmåla hjå sortere.no.

Svaret er enkelt: Teposar skal sorterast som matavfall. Nokre teposar er laga av nylon og dei skal kastast i restavfallet. Papirbiten på teposen kan du kaste i papp- og papirbehaldaren. Dersom du drikk te i ein kommune som ikkje har sortering av matavfall må du kaste teposen i restavfallet.

Må du ta av korken på drikkekartongen før du kjeldesorterar?

Det er òg eit ofte spurd spørsmål. Svaret på det er nei. Har du uansett skrudd av korken kan du likevel velje å kaste han i plastavfallet, då korken uansett skal sorterast vekk frå papp- og papir seinare i gjenvinningsprosessen. Skriv namn og nummer på kartongane og du har eitt lodd i returkartonglotteriet.

Kvifor skal knuste koppar og glas ikkje sorterast som glasemballasje?

Koppar, glas, eldfaste former og liknande kan innehalde krystall, keramikk, eller andre stoff som øydelegg for gjenvinningsprosessen for glasemballasje. Difor skal knuste koppar og glas som ikkje er emballasje kastast i restavfallet. Pakk dei godt inn slek at renovatørane som skal handtere restavfallet vidare ikkje skadar seg.

Var dette nyttig? Sjå sortere.no for å få enno meir kunnskap om kjeldesortering!

Forrige
Forrige

Nokre av hyttecontainerane i Sogndal er tekne inn for vinteren

Neste
Neste

Ny vinnar i Returkartonglotteriet!