Tømming av slam i Luster kommune

I veke 23 startar me tømming av slamtankar i Luster kommune.

På nettsida mintank.no kan du sjå når det er planlagt slamtømming hjå deg.

Kva skal du gjere før slambilen kjem?

Gjer tanken tilgjengeleg for tømming. La det vera enkelt å komma fram til tankloket. Grav godt rundt tankloket slik at det er enkelt å løfte det av.

Merk septiktanken. Dette gjer at mannskapet slepp å gå rundt i hagen for å finne tanken din. Legg meldinga som du fekk i posten i ein pose, og plasser den på septiktanken med ein stein over. Då er det enklare for renovatøren å vita at han tømmer rett septiktank.

Sjå til at tilkomstvegar for slambilen er fri for tre og busker. Både breidda og høgda på vegen må vere 3,5 meter. Den som tømmer anlegget har rett til å plassera naudsynt utstyr på eigedomen for å få utført tømminga.

Meir informasjon om slamtømming.

Foto: Norva24 Miljøservice

Foto: Norva24 Miljøservice

Forrige
Forrige

Vårryddeaksjon 2019

Neste
Neste

Mykje kunne vore fiksa, vaska eller gjeve vekk til andre