Tid for å rydde i hagen?
Me har gratis levering av hageavfall, sjølv om miljøstasjonane har stengt.
Me er mykje heime om dagen og mange har begynt å rydde i hagen. Det gjer godt i ein tid med mykje usikkerheit og bekymring. Sjølv om me har stengt miljøstasjonane inntil vidare (for å avgrense smittekjelder for coronavirus/Covid-19), kan du få levert hageavfall på våre hageavfallsmottak. Dette er gratis og du treng ikkje vere i direkte kontakt med nokon.
Ver obs på hagerømlingar
Pass berre på at hageavfallet du kjem med til oss, eller kastar i hagen heime, ikkje inneheld hagerømlingar. Dette er prydplantar me har importert i hagane våre som lett finn vegen over hagegjerdet ditt. Der kan dei skape trøbbel. Dei fleste hagerømlingar gjer liten skade, men nokon artar kan gjere stor skade på vår heimehøyrande flora.
– Dette må ein kaste i restavfall. Putt hagerømlingane i plastposer eller blanke bossekker og knyt igjen. No som miljøstasjonane er stengt, kan ein hive dette i restavfalldunken heime om du har plass. Har du ikkje plass, oppbevar det heime i bossekkar til miljøstasjonane opnar igjen, fortel Dagny Ugulsvik Alvik, HMS- og kvalitetsleiar i SIMAS.
Kvar er hageavfallsmottaka?
Alle kommunane har sitt eige hageavfallsmottak. Nokon attmed miljøstasjonen, andre ein annan plass. Lurer du på kvar du leverer hageavfall i din kommune? Ta kontakt med oss.
NB! I Festingdalen er hageavfallsmottaket inne på miljøstasjonen og er ope alle vekedagar mellom 09.00 og 14.00 (sjølv om resten av miljøstasjonen er stengt).
Her er eit døme på kva artar du bør vere obs på:
Hagelupin
Rynkerose
Kjempespringfrø
Raudhyll
Parkslirekne
Gravbergknapp
Bulkemispel
Pilemistel
Krypmistel
Les meir om hagerømlingar hos Fylkesmannen.