Støtte til vidareutvikling av kompostprodukt

SIMAS Næring AS og Njøs Næringsutvikling AS inntil tre millionar kroner i støtte til å utforske bruk av lokalt produsert kompost til å forbetre jordkvaliteten i frukt- og bærdyrking.

I tillegg til SIMAS Næring AS og Njøs Næringsutvikling AS, er Lindum AS, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS, engelske East Malling Research og Universitetet i Oslo med som forskingspartnarar i prosjektet. Saman skal dei mellom anna gjere forsøk med kompostbaserte alternativ til torv som dyrkingsmedium for epletre planta i potte og jordbær i sekk.

RFF Vestlandet skriv fyljgande i ei pressemelding:

Kompost i frukt- og bærproduksjon

Det er påvist førekomst av jordtrøyttleik og lite fruktbar jord i eplehagar og jordbæråkrar i både Hordaland og Sogn og Fjordane. No får Simas Næring AS og Njøs Næringsutvikling AS inntil tre millionar kroner i støtte til å utforske bruk av lokalt produsert kompost til å forbetre jordkvaliteten i frukt- og bærdyrking.

I tillegg er Lindum AS, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS, engelske East Malling Research og Universitetet i Oslo med som forskingspartnarar i prosjektet. Saman skal dei mellom anna gjere forsøk med kompostbaserte alternativ til torv som dyrkingsmedium for epletre planta i potte og jordbær i sekk.

Forskarane vil legge vekt på å utnytte sjukdomshemmande organismar i komposttypar der matavfall inngår, slik at prosjektet også skal kunne bidra til mindre behov for kjemiske plantevernmiddel i næringa. Det vil elles vere ei sentral forskingsutfordring å finne gode metodar for å vaske ut salt frå komposten, då særleg jordbærplantar tåler salt dårleg.

- Dette er ei spennande vidareføring av eit forskingsprosjekt som tidlegare har fått kvalifiseringsstøtte frå fondet. Om ein kan bruke kompost som alternativ til lite berekraftig veksttorv, vil det både ha ein miljøgevinst og bidra til å løyse eit avfallsproblem. Forsking på alternative strategiar mot sjukdommar på frukttre og bærplantar er også av stor betyding for ein næring som er svært viktig for landsdelen vår, seier Tengesdal.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Renovasjon om sommaren

Neste
Neste

Utvida opningstider på miljøstasjonane i sommar