Sogningane er blitt mykje flinkare til å kjeldesortere

plukkanalyse festingdalen.jpg

Men me kastar altfor mykje mat - og me kastar det i restavfallet!

Sjå detaljert resultat frå plukkanalysen i bunn.

Simas har gjennomgått 1233 kilo restavfall frå abonnentar i Sogn og funne gledelege resultat. Saman med Multiconsult har me gjennomført ein plukkanalyse, for å få oversikt over samansetninga av avfallet vårt. Veit me meir kva som vert kasta i restavfallet, kan me legge betre til rette for å bli enda flinkare til å kjeldesortere.

– Me ønskjer å redusere restavfallet og her har me hatt mykje å gå på. I 2014 viste plukkanalysen at 75 prosent av restavfallet kunne vore kjeldesortert, altså ikkje vore kasta i restavfallet, fortel HMS- og kvalitetsleiar, Dagny Ugulsvik Alvik.

Gledelege resultat

No er det gjennomført ein ny, tilsvarande analyse – og resultata er gledelege. Me er nede på at sirka halvparten av avfallet kunne vore kjeldesortert.

– Det betyr at nesten 50 prosent av alt som vart kasta i behaldaren for restavfall var rett sortert, mot 23 prosent i 2014. Det er ein stor betring. Eg trur folk har vorte meir bevisste på kjeldesortering og er meir opplyst. Generelt er det meir fokus på sirkulær økonomi og  det at me ikkje skal bruke opp ressursane på jordkloden og ta betre vare på det me har, forklarar Ugulsvik Alvik.

Mykje mat i restavfallet

Mange trudde glas- og metallemballasje var noko av det me ville finne mest av i restavfallet, men tru det eller ei: det er mest feilsortert mat. Faktisk fann me at 27 prosent av det som vart kasta i restavfallet, var våtorganisk avfall - og mesteparten av dette var etbar mat.

– Det betyr at kvar abonnent i snitt kastar 37,5 kilo mat (totalt, både restavfall og våtorganisk). Og mykje av denne maten burde ikkje vore kasta. Eg fann drueklasar som var heilt fine, bananar, gulrøter og brød som ein heilt sikkert kunne vore nytta i ein matrett. Eg skjønner at me har ein jobb å gjere med å få abonnentane våre til å redusere matsvinnet. 

Ugulsvk Alvik synes det er rart at denne maten hamnar i restavfallet når alle abonnentar har behaldar for våtorganisk avfall.

– Hadde dei kasta maten i våtorganisk avfall kunne me i alle fall nytta ressursane til noko nytt. Me lagar kompostjord av alt matavfallet me får inn til Festingdalen, så her kunne maten gjort nytte for seg, og gitt næring til nye plantar, forklarer Ugulsvik Alvik.

Fint våtorganisk avfall

I tillegg til å gjennomgå over eit tonn restavfall, har me detaljesortert 817 kilo våtorganisk avfall. Og denne fraksjonen ser bra ut. Det som kjem inn her er stort sett våtorganisk. Faktisk er heile 93,1 prosent riktig sortert.

– Me fann litt bleier, men ikkje så ille som det kunne vore, men tanke på at me ønskja at folk skulle kaste bleiene i våtorganisk for nokre år sida. Det heng nok igjen hos nokon.

Her er me i gang med plukkanalysen, Dagny Ugulsvik Alvik frå SIMAS (f.v.), Sabina Syed frå Multiconsult, Emil Bøen frå SIMAS og Anders Venjum frå SIMAS.

Her er me i gang med plukkanalysen, Dagny Ugulsvik Alvik frå SIMAS (f.v.), Sabina Syed frå Multiconsult, Emil Bøen frå SIMAS og Anders Venjum frå SIMAS.

27 prosent av det som vart kasta i restavfallet, var våtorganisk avfall.

27 prosent av det som vart kasta i restavfallet, var våtorganisk avfall.

Kvar abonnent kasta i snitt 37,5 kilo mat.

Kvar abonnent kasta i snitt 37,5 kilo mat.

 

Resultat frå analysen:

Restavfallets samansetting:

Skjermbilde 2020-11-25 kl. 14.43.20.png

Våtorganisk avfall i behaldar for restavfallet:

Skjermbilde 2020-11-25 kl. 14.50.41.png

Våtorganisk avfall i behaldar for våtorganisk:

Skjermbilde 2020-11-25 kl. 14.52.31.png
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Tenk miljø når du pakkar inn gåva

Neste
Neste

Administrasjonen stengd onsdag 25. november