Slik unngår du at boset frys fast

Frys boset fast i behaldaren, får ikkje renovatøren det med seg. Her er nokre enkle tips for å unngå det.

Den kalde, fine tida er her - og det er det nok mange som er glade for. Men når det er så kaldt som det har vore den siste tida, kan boset lett fryse fast i avfallsbehaldaren og skape trøbbel for renovatørane våre.

Problemstillinga gjeld spesielt for våtorganisk avfall, men óg for anna avfall som er fuktig.

Av helsemessige omsyn skal ikkje renovatørane ta i boset, og dermed vert avfallet som ikkje fell ut av seg sjølv verande att i dunken. Under får du nokre enkle tips for å unngå problemet.

Slik unngår du at boset frys fast:

  • Legg ei avis, eggekartong, bark, strø eller flis i botn av dunken

  • Legg gjerne tørkepapir eller avispapir oppi saman med avfallet, det trekk til seg litt av fukta

  • Sørg for at bioposar er godt knytt saman

  • Lukk loket på behaldarene heilt, slik at det ikkje kjem fukt inn

Hugs óg å måke og strø så renovatøren kjem seg fint fram. God vinter!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Endra opningstider på miljøstasjonane jula 2021

Neste
Neste

«Ny» gate med nytt og banebrytande grøntanlegg