Slik handterer du slakteavfall i haust

Kvar haust får me spørsmål om korleis ein skal handtere slakteavfall, og om me tek imot det. Her er alt du treng å vite.

  • Grave ned: Avfall frå dyr kan gravast ned lokalt i jaktområdet så lenge det ikkje vil føre til luktproblem, forsøpling eller nemneverdig skade på miljøet.

  • Kastast som matavfall: Restar og avfall frå slakt går elles som bioavfall og kan kastast i behaldar for matavfall. Avfall som er samla inn, eller teke ut frå eit slakt til human konsum, er rekna som animalske biprodukt i kategori 3. Vi har godkjenning av Mattilsynet til å kompostere dette, og kan difor ta imot dette i anlegget vårt i Festingdalen.

  • Store beinrestar +>5cm lengde og/eller +>2 cm i diameter kastast som restavfall.

  • NB! Skinnet skal i restavfall: Me ynskjer ikkje skinn eller delar av skinn i matavfallet, det skapar problem i komposteringsprosessen. Skinn og delar av skinn skal kastast i behaldar for restavfall.

God jaktsesong!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sogningane blant dei beste på sortering - for andre år på rad!

Neste
Neste

Slutt på sommartid på miljøstasjonane