SIMAS søkjer trainee innan berekraft og kommunikasjon

Som trainee hjå SIMAS får du vere med på arbeidet mot ei meir berekraftig framtid i Sogn. Noko for deg?

SIMAS ser no etter ein trainee innan sirkulærøkonomi, berekraft og kommunikasjon. Stillinga er ein del av trainee-ordninga til Framtidsfylket, og vil vare frå august 2022 til august 2023.

På vegen mot det grøne skiftet

Avfalls- og gjenvinningsbransjen har ei nøkkelrolle i det grøne skiftet, og i omstillinga til sirkulær økonomi. Som trainee vil du få vere med og påvirke korleis me i SIMAS jobbar med berekraft og sirkulærøkonomi.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere å leie prosjekt knytta til SIMAS sine mål om sortering og ombruk, samarbeide med ulike aktørar, koordinere utvikling av informasjonskampanjar og styrke internkommunikasjonen hjå SIMAS.

Me vil gjerne høyre frå deg som er ein initiativtakar, og som er engasjert i miljø og sirkulærøkonomi.

Trainee gjennom Framtidsfylket

Trainee-ordninga til Framtidsfylket er skreddersydd for deg som har høgare utdanning og mindre enn tre års arbeidserfaring etter studium. Som trainee får du eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke, traineesamlingar og ein utenlandstur, og fagleg og personleg utvikling.

Send søknad til Framtidsfylket

Du søkjer på traineestilling hjå oss i SIMAS, men sjølve søknaden sender du til Framtidsfylket.

Søknadsfrist 1. april 2022.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

No blir det innført kundeidentifisering på miljøstasjonane

Neste
Neste

Nye bioposar og plastsekker