Simas søkjer sommarvikarar

I år lyser me ut spennande vikarstillingar både i administrasjonen, drift, transport og på miljøstasjonane.

I år som i fjor treng me fleire sommarvikarar i dei fleste avdelingane våre. Me lyser ut stillingar innan fire ulike arbeidsområde; miljøstasjonar, drift, administrasjon og transport.

Felles for alle stillingane er at ein får prøve seg på varierte oppgåver og får innblikk i ein spennande bransje. Alle sommarvikarar vil få naudsynt opplæring og rettleiing slik at dei finn seg godt til rette hjå SIMAS.

Les meir om dei ulike stillingane:

Søknadsfrist for alle stillingane er: 26. februar 2023.

Noko for deg eller nokon du kjenner?

Tips gjerne nokon du trur kunne vore interessert, og hugs å søkje innan fristen. Me gler oss til å høyre frå deg!

Her finn du til ein kvar tid oversikt over alle ledige stillingar hjå SIMAS.

Ønskjer fleire jenter velkomne

Elise Kvalevåg har jobba som sommarvikar som driftsoperatør, og ønskjer fleire jenter velkomne til anleggsbransjen.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Kvifor resirkulere plastemballasje?

Neste
Neste

SIMAS søkjer sjåfør/renovatør