SIMAS med i viktig forskingsprosjekt om plast

Forskingsprosjektet skal finne ut om nedbrytbar plast vert til mikroplast.

Me har høyrt om problema med plast i havet. Men plast hamnar og i jorda, mellom anna via avløpsslam, biogjødsel og frå plastbruk i landbruket. Akkurat kor mykje plast det handlar om er det ingen som veit.

 – Forskingsprosjektet skal granske om bioplasten faktisk vert broten ned, eller om han kun vert omdanna til mikroplast og vert verande i kompost og jord, forklarar HMS- og kvalitetsleiar i SIMAS, Dagny Karin Ugulsvik Alvik.

HMS- og kvalitetsleiar i SIMAS, Dagny Karin Ugulsvik Alvik.

HMS- og kvalitetsleiar i SIMAS, Dagny Karin Ugulsvik Alvik.

SIMAS er hittil eitt av få anlegg som kan kompostere bionedbrytbar plast

 – Me har positive erfaringar med å kompostere bionedbrytbar plast, mellom anna ølglasa frå Øyafestivalen, og no får me høve til å få enno meir kunnskap om kva som faktisk skjer på eit mikroskopisk/kjemisk nivå, seier Ugulsvik Alvik.

Bioplast er ei populær kortform for plastmateriale som anten er biobasert, bionedbrytbar eller begge deler. Biobasert plast er produsert fra biomasse, altså biologiske råstoff som for eksempel vegetabilske oljer, mais, stivelse, sukkerrøyr og/eller cellulose.

– Anna eksempel på bionedbrytbar plast er dei grøne posane me nyttar til våtorganisk avfall som er såkalla bioposar. Det betyr at dei er 100 prosent biologisk nedbrytbare, og vert til kompostjord saman med det våtorganiske avfallet, fortel Ugulsvik Alvik.

Prosjektet skal spesielt sjå på korleis bionedbrytbar plast vert kompostert under norske forhold. Hypotesa er at det kan vere for kaldt her til at bioprodukta vert heilt nedbrotne, og difor vert det att plast i jorda.

Prosjektet vert leia av NIBIO, og SIMAS er med som partnar i prosjektet.

Prosjektet er finansiert av forskingsrådet.

Meir informasjon

Forrige
Forrige

I denne dunken skal det kun vere papir og papp

Neste
Neste

Gjer dagen lettare for renovatøren!