SIMAS arrangerer Green Friday i Sogndal

Som ein motvekt til Black Friday arrangerer SIMAS i lag med fleire organisasjoner ein grøn heilaften på fredag.

Bruker me om att, i staden for å lage nytt, sparar me miljøet for mykje unødvendig slitasje. Som ein motvekt til kjøpepresset under Black Friday, blir det arrangert ein grøn heilaften fredag 25. november på Dampskipskaien i Sogndal.

Her blir det sal av brukte klede og friluftsutstyr, reparasjonsstove, DYI for dei kreative, føredrag, grøn quiz og mykje meir.

SIMAS stillar med eit utval frå ombruksstasjonane våre, og vil fortelje om fordelane med sirkulær økonomi og materialgjenvinning.

Arrangementet er i regi av SIMAS i lag med Framtiden i våre hender, Naturvernforbundet og Save Our Winters.

Når? Fredag 25. november kl. 17-22

Kor? Dampskipskaien i Sogndal

Gratis inngang - velkomen!


Finn brukte skattar på miljøstasjonane

SIMAS ynskjer å gjere det enklare for innbyggjarane i Sogn å velje ombruk. Difor har me oppretta ombruksstasjonar på dei ulike miljøstasjonane våre.

Neste gong du er innom med eit lass, kanskje noko kan setjast igjen der slik at andre kan få nytte av det?

Følg gjerne med på SIMAS Ombruk på Facebook, der me legg ut bilete av kva som er å finne på dei ulike ombruksstasjonane.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

To ledige stillingar

Neste
Neste

Kva er gevinsten av å sortere?