Mindre mat i restavfallet: Me er blitt betre på å ete opp maten!

Plukkanalyse: Rådgjevar Jørn Mortensen er nøgd med at sogningane er blitt betre på sortering. Foto: Svein Erik Hovland/Sogn Avis.

Her er resultata frå den nyaste plukkanalysen til SIMAS.

Før jul gjennomførte SIMAS ein ny plukkanalyse av innsamla avfall for å få eit innblikk i sorteringsvanane til sogningane. Ei tilsvarande undersøking blei gjort i 2020 og 2014, og no er det endeleg på tide å samanlikne resultata.

Korleis står det eigentleg til med sorteringsvanane til sogningane? 

Betre på å ete opp maten

– Denne gongen kan me klappa oss sjølv på skuldra, seier Anne Sigrid Loftesnes Harjo, HMS- og kvalitetsleiar hjå SIMAS.

– Om lag halvparten av det som blei samla inn som restavfall var sortert rett. Og i våtorganisk var det nesten berre matavfall, rosar ho.

Deltok i analysen: HMS- og kvalitetsleiar Anne Sigrid Loftesnes Harjo i SIMAS.

Samanlikna med 2020, var det langt mindre matavfall i restavfallet denne gongen, frå 27 % til 17 %.

Like viktig er det at ein mindre av matavfallet som blei kasta, var eteleg. Det betyr at me har fått ned matsvinnet.

I 2020 var 35 % av matavfallet eteleg, altså kasta me mykje mat som kunne vorte eten i våtorgansik. No er heldigvis talet nede i 25 %. Altså er vi flinkare til å ete opp maten.

I restavfallet var 70 % av maten som vart kasta, etbar i 2020. No har heldigvis dette talet gått ned til 66 % i 2024.

Altså har vi gått frå 50 % til 32 % matsvinn (eteleg mat).

– Det er heilt fantastisk, jublar Loftesnes Harjo.

Interaktivt diagram: Resultat frå restavfallet i 2024 (vektprosent).

Satsa på å gjere sogningane til matreddarar

Førre plukkanalyse, frå 2020, viste at sogningane kasta for mykje mat, og at 50% av maten som blei kasta kunne vore eten. Som direkte resultat av funna, starta SIMAS informasjonskampanjen Bli ein matreddar.

Sogningane har blitt lært opp om gode «matreddar-vanar» gjennom videoar med matekspert på ViteMeir, intervju med kjende fjes frå regionen, oppskrifter med restemat, brukopp-leksikon frå Matvett og informative tal og statistikk.

Tilsynelatande har kampanjen gitt gode resultat:

– Det er gledeleg å sjå at kommunikasjonsarbeidet vårt fungerer såpass godt, seier Jørn Mortensen, rågjevar for kommunikasjon og berekraft i SIMAS.

Må bli betre på plastemballasje

Diverre kan ikkje SIMAS berre dele ut skryt. Det har vore nokre få endringar i feil retning også:

– Det er blitt meir plast i samfunnet generelt, og me samlar inn meir plastemballasje no enn før. Diverre ser me at dette har påverka sorteringa, sånn at meir av restavfallet no består av feilsortert plastemballasje. Det er ei lita endring, men me må bli betre, seier kvalitetsleiar Loftesnes Harjo.

Det har óg vore ei lita auke i objekt som skulle vore sortert som farleg avfall og elektrisk avfall, men som har hamna i restavfallet. Sjølv om auka ikkje er stor, er det ei utfordring.

Miljøskadelege material og kjemikaliar skal handterast med merksemd, og elektrisk avfall i restavfallet er ein trussel med tanke på brann i gjenvinningsanlegget.

– Her må me lære opp sogningane til å gjere betre val. Det gjeld først og fremst plastemballasje - og farleg avfall, fortel Loftesnes Harjo.

Meir riktig sortert restavfall

Samanlikna med analysen frå 2020, ser utsortering av restavfall no ut til å gå rett veg. I 2024 var ein større del av restavfallet faktisk restavfall og ikkje anna avfall som skulle vore sortert i andre fraksjonar.

> Frå 47% til 51% restavfall i restavfallet

Restavfallet blir sendt til forbrenning i staden for å bli om til nye produkt, og det er forventa at CO2-avgifta på forbrenning vil stige. Difor er dette den fraksjonen som påverkar avfallsgebyret mest.

– Det skal løne seg å sortere, og det gjer det allereie i dag, seier Mortensen.

Interaktivt diagram: Resultat frå restavfallet i 2024 og 2020.

Les heile rapporten frå plukkanalysen her.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Kom i gang med kompostering: Gratis kurs laurdag 22. mars

Neste
Neste

Me søker sommarvikarar