Pass på å oppgi rett bygningstype i matrikkelen

Det betyr noko for gebyr og seinare bruk av bygget ditt.

Artikkel av Luster kommune.

DØME: Gamalt ubebudd våningshus som fekk renovasjonsgebyr då Simas sende ut faktura etter ny gebyrmodell. Det er viktig at bygningar er rett registrert i matrikkelen - eigedomsregisteret. Foto: Luster kommune

DØME: Gamalt ubebudd våningshus som fekk renovasjonsgebyr då Simas sende ut faktura etter ny gebyrmodell. Det er viktig at bygningar er rett registrert i matrikkelen - eigedomsregisteret. Foto: Luster kommune

Etter at den nye gebyrmodellen for renovasjon vart iverksett 1. januar 2020 og fyrste faktura kom, er det mange som har kontakta Luster kommune med ulike spørsmål.

Renovasjonsselskapet Simas hentar data frå matrikkelen – det offisielle eigedomsregisteret. Det er avgjerande for gebyrtype korleis bygget ditt er registrert i matrikkelen.

Gamle ubebudde hus

Fleire ringer fordi dei har fått tilsendt faktura for renovasjon på gamle bustadhus som har vore ubebudde i mange år, aldri blir brukt til bustad meir, kanskje blir brukt til lager, eller er meir eller mindre til nedfalls. Det kan også gjelde gamle hytter/feriebustader. Årsaka til faktura på slike bygg, er at dei i matrikkelen er registret med bygningstype 111/113 einebustad/våningshus.

Kva kan du gjere for å sleppe gebyret på denne type bygg?

Du kan sende ein e-post eller skrive eit brev til kommunen der du skriv litt om bygget, til dømes om der ikkje er straum, vatn eller bad. Du må legge ved ein bildedokumentasjon på tilstanden. Då kan kommunen som matrikkelførar endre bygningstypekode frå 111/113 einebustad/våningshus til 199 anna boligbygg. Den koden kan gjelde bygningar som står til nedfalls eller blir brukt til lager. Då har kommunen ein dokumentasjon frå eigar på kvifor kommunen som matrikkelførar gjer endringar i matrikkelen.

Heilårsbustad brukt som fritidsbustad

Det er også fleire som har kontakta kommunen fordi dei har fått full renovasjon på bustad som blir brukt som fritidsbustad. For å få endra slike gebyr i framtida, kan me endre bygningstypekode med bakgrunn i faktisk bruk ved at du sender e-post/brev der du beskriv faktisk bruk av huset. Då kan kommunen som matrikkelførar endre bygningstypekoden til 162/163 heilårsbustad/våningshus brukt til fritidsbustad. Renovasjonsgebyret blir då i kategori 1, kr. 3791,- i 2020.

Bygget vil fortsatt vera type B (bustad) ikkje type F (fritidsbustad).

Bruksendring frå bustad til fritidsbustad

Rein fritidsbustad har lægre gebyr enn heilårsbustad brukt som fritidsbustad.

Dersom bustaden skal endrast i matrikkelen til rein fritidsbustad, frå type B til F, må det søkast om bruksendring frå bustad til fritidsbustad. Ein slik søknad skal sendast inn av fagfolk på ordinære byggesøknadsskjema utarbeidd av Direktoratet for byggkvalitet.

Det er viktig å vere merksam på at dersom huset etter ein slik søknad blir endra til fritidsbustad, vil det ikkje vere lov å bruke som bustadhus. Om det seinare skal brukast som bustadhus, må det søkjast om bruksendring igjen, og då vil tekniske krav til bustadhus på søknadstidspunktet gjelde. Slike bruksendringar kan bli kostbare. Byggesakshandsamar er kontaktperson i slike saker.

Renovasjonsgebyra finn du her.

Artikkelen er skreve av Luster kommune, men informasjonen gjeld alle Simas-kommunane. Ta kontakt med tenestetorget i din kommune om du ønskjer endringar.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Levering av fritidsbåtar

Neste
Neste

Flytting av hyttecontainer i Fresvik