Ny faktura på veg - vinn ein iPad

Legg inn avtalegiro og eFaktura når du betalar rekninga, så er du er med i trekkinga.

Faktura for 1. termin 2018 er sendt ut. SIMAS sender ut faktura to gonger i året, i mars og september. Sjå våre gebyrsatsar (årlege satsar).

Nytt e-faktura

Me ynskjer at fleire skal nytte avtalegiro og eFaktura, då dette er betre for miljøet. Difor har me sagt at når 1000 av våre abonnentar nyttar dette, trekker me ein heldig vinnar av ein iPad. Me trakk ein vinnar når me nådde 500 i 2016!

Slik gjer du

Be om avtalegiro og eFakura når du betalar fakturaen. Eventuelt kan du logge deg inn i nettbanken din og søke opp SIMAS under "betalingsavtalar". Dette kan variera frå bank til bank, så er du usikker på korleis du finn det, kontakt banken.

Billigare for deg

Sender me mindre post, sparar det ikkje berre mijløet. Me vert meir effektive og kostnadene i SIMAS redusert. Det påverkar gebyrnivået. Så det er ein vinn-vinn-situasjon for alle!

PS! Har du allereie registrert deg som brukar av avtalegiro og eFaktura, er du sjølvklart med i trekkinga du også.

 

  • Avtalegiro: faktura vert automatisk trekt på forfallsdato. Du vert varsla minst 7 dagar før forfall, og kvittering med forklarande tekst på kontoutskrifta. Avtalegiro opprettar du i nettbanken eller ved å kontakta banken.

  • eFaktura: faktura kjem ferdig utfylt inn i nettbanken, det einaste du må gjere er å godkjenne betalinga. Fakturaen vert oppbevart elektronisk i nettbanken. Du kan velje å verta varsla på e-post når ein ny faktura kjem inn i nettbanken.

  • Kombinasjon av avtalegiro og eFaktura: Du kan velja å få eFaktura automatisk betalt på forfallsdato ved å kombinera eFaktura med avtalegiro. Med denne kombinasjonen vert eFaktura framleis sendt direkte i nettbanken din og lagra der, men du slepp å godkjenna betalinga for at pengane skal verta trekt frå konto.  


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Utlevering av bioposar 2018

Neste
Neste

Reduser papiravfallet - sei "nei takk" til reklame