Nye krav til kjeldesortering

Fram til no har det vore opp til kvar enkelt kommune om dei har pålagt innbyggjarane sine å kjeldesortere matavfall og plastemballasje. Frå 1. januar 2023 vart det lovpålagt å sortere ut desse fraksjonane. Endringane i forskrifta for avfallshandtering vart kunngjorde 7. juni 2022 og påverkar hushaldningar så vel som næringslivet.

Dette blir gjort for å auke materialgjenvinninga og med det betre ressursutnyttinga, beskytte miljøet og redusere klimagassutsleppa. På grunn av framtidsretta politikk frå eigarkommunane, har me i Sogn allereie kjeldesortert matavfall i mange år. Dette har ført til god lokal utnytting, gjennom produksjon av næringsrik kompostjord hjå SIMAS i Festingdalen.

Med auka kjeldesortering og materialgjenvinning, legg ein press på produsentane av emballasje til å gjera positive endringar knytt til reduksjon i bruk av materialar og meir bruk av sekundære råvarer. Miljøet og naturen blir betre beskytta fordi ved å bruke materiale og ressursar på nytt vil me redusere behovet for å hente ut nye. Denne ombruken, med til døme å smelte om glas eller plast, blir gjort gjennom prosessar som krever mindre energi og slepp ut mindre klimagassar i produksjonen. Andre gode døme på gevinstar frå kjeldesortering kan du lese om her.

Me i SIMAS synest det er eit godt steg i rett retning at også næringslivet no må kjeldesortere avfallet (sekundære råvarene) dei produserer. Er du eigar av ei bedrift eller selskap kan me stolt seie at dotterselskapet vårt, Sirkla ressurs, står klare med gode løysingar for handtering av ressursane du ikkje skal bruke vidare.

“Ferdig pakket plastemballasje”
Foto: Falkeblikk

Forrige
Forrige

SIMAS søkjer sjåfør/renovatør

Neste
Neste

SIMAS søkjer framtidsretta og utviklingsorientert direktør