Ny faktura på veg
Det er tid for å betale renovasjonsavgifta. Er det noko du lurar på? Me har satt opp ein FAQ.
Kor ofte sender SIMAS faktura?
SIMAS sender faktura to gongar i året: 1. mars og 1. oktober.
Korleis kan eg oppretta avtalegiro/efaktura?
Du kan oppretta avtalegiro/efaktura ved å ta kontakt med banken din, eller oppretta avtalegiro/efaktura sjølv i nettbanken.
Kven kan motta fakturaen?
SIMAS sender faktura kun til tinglyst eigar av eigedomen.
Kan eg utsette fakturaen?
Dersom ein ikkje kan betale faktura innan forfall kan ein ta kontakt med SIMAS for å få utsetjing på forfall. Faktura må betalast innan neste termin.
Eg har selt eigedommen min. Kvifor får eg likevel faktura?
SIMAS fakturerer den som til ei kvar tid er registrert som eigar av eigedommen. Det er registrert eigar, heimelstakar, som er ansvarleg for at renovasjonsgebyret vert betalt. Dette gjeld også for eventuelt ubetalte renovasjonsgebyr for tidsrommet før ny eigar kjøpte eigedommen.
Eit ubetalt renovasjonsgebyr er eit hefte på eigedommen. Ved overtaking av eigedom er det difor viktig å passa på at renovasjonsgebyr vert avrekna mellom kjøpar og seljar. Dersom eigedomsmeklar vert brukt, vil dei som regel gjera dette, i motsett fall må kjøpar og seljar sjølv avrekna. SIMAS har ikkje ansvar for dette oppgjeret og føretek ikkje avrekning mellom seljar og kjøpar.
Eg har fått ny adresse. Kva gjer eg?
SIMAS sender faktura til adresse registrert i Folkeregisteret. Ved adresseendring må abonnenten sjølv ta kontakt med Skatteetaten (ikkje nok med posten).
Ved adresseendring som gjeld dødsbu må den som overtek buet sende inn to eksemplar av heimelserklæring + kopi av uskifteattest til Kartverket. Namnet vil då bli endra til den som sit i uskifte. Det er utan kostnad å tinglyst heimelsovergang til ein sit i uskifte. Skjema finn ein på www.kartverket.no og sendes til Kartverket Tinglysig, Pb 600 Sentrum, 3507 Hønefoss.
Kva er kommunale tillegg?
I tillegg til kommunens del av IKS-et sine nettokostnader, skal kommunane sine eigne kostnadar verte inkludert i gebyrgrunnlaget. Dette vil sei at kommunen sine innbyggjarar kan måtte betale eit anna gebyr enn innbyggjarar i nabokommunen, sjølv om kommunane samarbeida i eit felles IKS.
Kva er gebyrplikt?
I SIMAS-kommunane er det tvungen renovasjon og slamtømming jf. renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS (Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap) § 4 jf. § 2. Dette inneber at dersom ein eig ein eigedom der det er registrert gebyrpliktige bygg, er eigar av eigedomen pålagd å betale eit gebyr pr. eining til SIMAS jf. § 17 og § 3. Gebyrpliktige bygningar er mellom anna bustadhus og fritidshus som hytter.
Etter forureiningslova § 34 har kommunen plikt til å fastsetje gebyra til dekning av kostnadene ved avfallssektoren, dette gjeld også fritidsbustader. Det betyr at den enkelte som omfattast av renovasjonsordninga, pliktar å betale renovasjonsgebyr. Ettersom avgifta skal vera betaling for sjølve renovasjonstilbodet og ikkje den faktiske bruken den enkelte eigedom gjer seg av tilbodet, har det i utgangspunktet ingen betydning om den enkelte faktisk nyttar seg av renovasjonstilbodet. Då ein betalar for sjølve tilbodet vil ikkje gebyret nødvendigvis gjenspeile den faktiske bruken den enkelte eigedom gjer seg av tilbodet. Renovasjon- og slamgebyret skal fullt ut dekkje kostnadene med innsamling, transport, mottak, oppbevaring, etterkontroll mv. av avfallet og slammet jf. renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS § 17.
I lov av 13. mars 1981 om vern mot forurensninger og om avfall vart det bestemt av Stortinget at kommunane hadde ansvar for innsamling av avfall frå privatpersonar. Luster, Sogndal, Lærdal, Aurland, Vik og Høyanger gjekk saman for å få til eit samarbeid om denne innsamlinga. SIMAS-forskrifta var gjeven med heimel i forureiningslova §§ 9, 26, 30-34, 37, 79, 83 og 85 for å sikre den praktiske gjennomføringa av avfallshandteringa.
Renovasjonsavgifta er ein kommunal avgift som følgjer med om ein eig ein eigedom. Det er ein fellesavgift som gjer det mogeleg å ha eit renovasjonstilbod i området.
Korleis vert gebyra fastsett?
Ved fastsetjing av gebyr held SIMAS seg til matrikkelen, som er det offentleg eigedomsregisteret. Det vil sei at det er matrikkelen som er avgjerande for kva type- og tal abonnement ein eigedom skal vere registrert med. Ved å basere renovasjonsgebyret på tal abonnementeiningar kan SIMAS nytte matrikkelen som ei objektiv og sikker kjelde. Det er når SIMAS har eit sikkert og objektivt informasjonsgrunnlag at det er mogeleg å sikre likebehandling av forskrifta.
Einsleg frådrag er fjerna. Kvifor?
Simas har tidlegare hatt ei ordning der husstandar med ein bebuar kunne søkje om reduksjon i gebyret. Denne ordninga har ikkje vore i tråd med regelverket, og ein vil frå 2020 i staden tilby ei abonnementsordning for småhushald. Då kan husstandar som er flinke til å kjeldesortere byte til ein 80 liters restavfallsbehaldar og betale redusert gebyr. Pris for småhushald med 80 l restavfallsbehaldar er kr. 3791 inkl. mva. pr. år for 2020.
Huset mitt er ikkje i bruk. Kvifor får eg faktura?
Renovasjon- og slamgebyret skal fullt ut dekkje kostnadane med innsamling, transport, mottak, oppbevaring, behandling, etterkontroll mv. av avfallet og slammet, jf. § 17. Dette inneber at jo færre som er med på å betale for drifta av innsamlinga, jo dyrare vert det for den enkelte. Etter forskrifta er det difor bestemt at ein abonnementeining skal betale eitt gebyr. Til dømes skal ein eigedom med eitt hus betale eitt fastset standardgebyr, ein eigedom med to hus skal betale to fastsette standardgebyr osv.
SIMAS nyttar eigedomsregisteret, matrikkelen, ved fastsetjing av gebyr. Det vil sei at det er matrikkelen som er avgjerande for kva type- og tal abonnement ein eigedom skal vere registrert med.
Abonnentar som kan dokumentere at ei bueining skal stå unytta i meir enn 1 år samanhengande, vil etter skriftleg søknad kunne få fritak frå gebyret, jf. § 18.
Hus som er permanent fråflytta eller ikkje vert nytta kan få fritak frå renovasjonsavgifta. Det kan likevel oppstå vanskelege bevismessige vurderingar når det skal avgjerast om ein eigedom er permanent fråflytta eller ikkje vert nytta. Til dømes kan fråflytta heilårsbustadar takast i bruk som feriehus deler av året. Det er difor viktig at det vert sendt inn dokumentasjon på at eigedomen er fråflytta eller ikkje vert nytta til ein kvar tid på året.
Les meir om fritak for renovasjonsgebyra.
Hytta mi er ikkje i bruk. Kvifor får eg faktura?
Det er ei lovpålagt oppgåve for kommunane å samle inn avfall frå fritidseigedomar på lik linje med anna hushaldningsavfall, jf. forureiningslova § 30. Dette inneber at også fritidsabustader er gebyrpliktige. Om ein har behov for og om ein vel å nytte seg av renovasjonstilbodet, er i utgangspunktet ikkje avgjerande.
Fritidseigedomar kan ikkje fritakast frå betalingsplikta på grunnlag av at eigedomen ikkje er i bruk, at det er tungvint å ta seg til han, at avfallsordning er unødvendig eller av liknande grunnar, jf. §18 renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS.
For at søknad om fritak skal vurderast for fritidseigedomar, må det liggje føre dokumentasjon på at fritidsbustaden er til nedfalls. Dette kan verte dokumentert med:
- Bilete som syner tilstanden på fritidsbustaden
- Skriftleg fråsegn frå fagperson
Les meir om fritak for renovasjonsgebyra.