No må du stoppe på vekta i Festingdalen
Frå 1. september skal all betaling i Festingdalen skje på vekta. Ved vekta møter du ein operatør som kontrollerer avfallet ditt, og tek i mot betaling.
Vekta er på nedsida av administrasjonsbygget. Du svingar deg inn på vekta på veg ned til miljøstasjonen.
Tidlegare vart kontroll og betaling gjort nede på sjølve miljøstasjonen.