Muggsopp - kor farleg er det eigentleg?

Lars Haugen Aardal ser nærmare på muggsopp i mikroskopet på SmaksLab hjå ViteMeir.

Nokre matvarer blir fortare dårlege enn andre. Mateksperten hjå ViteMeir fortel kva du bør tenkje på.

– Det finst matvarer som aktivt brukar muggsopp for å gje den rette smaken. Døme på dette er soyasaus, blåmuggost, kimchi eller brøddeig, seier matekspert hjå ViteMeir, Lars Haugen Aardal.

– I dei fleste andre matvarer er muggsopp uønskt og eit teikn på at produktet begynner å bli dårleg.

Stor variasjon i sopp

Variasjonen i muggsoppen kan samanliknast med "vanleg” sopp. Nokre gjev veldig god smak, medan andre ønskjer me for all del å unngå.

Lars fortel at hovudregelen er at faste matvarer med lågt vassinnhald toler muggsopp betre enn mjuke matvarer.

– Med gulrøter og andre typar faste grønsaker, så kan du kutte vekk den delen som er mygla og bruke resten.

Mykotoksinar

– Matvarer som har høgare vassinnhald er gjerne mjukare i konsistensen. Her skal du kaste det som er dårleg, altså der du kan sjå synleg muggsopp. Dette gjeld mellom anna frukt og bær.

I nokre typar mat, sånn som kjøt og fisk, brød, ris og pasta, produserer muggsoppen såkalla mykotoksinar. Desse kan vere farlege for menneske og dyr, så her oppfordrar mateksperten om å vere litt ekstra forsiktig.

Les også: Kan eg ete ris frå dagen før?

Sjå, lukt, smak!

Visste du at nesten 50 % av all maten me kastar i Sogn kunne vore eten? Ein god regel er å sjå, lukte og smake på maten før ein bestemmer seg for å kaste.

– Ver fornuftig. Viss det er litt overflateflekkar med mugg, så går det fint an å ete utan å bli dårleg. Men det er kanskje ikkje noko du serverer til gjestane dine, avsluttar Lars.

Få fleire matreddartips frå SIMAS.

Video om muggsopp:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Gratiskvote på levering av avfall

Neste
Neste

Teiknekonkurranse for 6. klassingar i Sogn