SIMAS stengjer alle miljøstasjonar
Alle miljøstasjonar blir stengde frå og med måndag 16. mars.
Dette vart vedteke på beredskapsmøte søndag. SIMAS har risikovurdert drift av miljøstasjonane og bestemt å avgrense smittekjelder for coronavirus/Covid-19. Difor er det bestemt at alle miljøstasjonar vert midlertidig stengt frå og med måndag 16. mars.
Hentar avfallet ditt som vanleg
No jobbar SIMAS for å halde oppe ei kritisk samfunnsoppgåve. Me vil per no hente avfall frå alle husstandar som vanleg. Følg med på simas.no for oppdatert informasjon.
Presisering som Klima- og miljødepartementet har sendt Miljødirektoratet 13. mars 2020:
«Vi vurderer innsamling av husholdningsavfall som en samfunnskritisk funksjon. Det er nødvendig å sikre at innsamlingen av husholdningsavfall holdes i gang for å unngå problemer med lukt, skadedyr og mulige smitteproblemer som følge av at avfall i tilfelle ikke ville bli samlet inn og behandlet. Det gjelder dermed også mottaksanlegg for restprodukter fra avfallsbehandlingen. Hvis avfallsforbrenningsanlegg må stanse opp fordi de ikke får levert flyveaske, vil det kunne føre til at innsamlingssystemet kan stanse og føre til betydelige samfunnsproblemer».
SIMAS ønskjer at alle vaskar seg godt på hendene både før og etter dei trillar fram dunken for tømming.
– Eg oppmodar òg folk til å vaske både handtak og lok på dunkane, seier Hallvard Thomassen i SIMAS.
Ta kontakt på e-post
På bakgrunn av den aktuelle situasjonen, fortel Thomassen at dei har redusert bemanning. Difor oppfordrar han alle med førespurnadar om å ta kontakt gjennom heimesida, simas.no eller på post@simas.no, heller enn å ringje. I denne perioden kan det ta tid før ein får tilbakemelding på førespurnadar.
Me er her for deg – men la oss vente med det som ikkje hastar!