Miljødagen og komposteringskurs utsett
Me håpar å ta det att til hausten.
Kvart år set me opp komposteringskurs for dei som vil begynne med heimekompostering.
Me arrangerer òg miljødagen kvart år, der me held ope ein laurdag slik at private hushald kan levere avfall. Me stiller med tilsette frå administrasjon og anlegg, samt tilsette i dei ulike kommunane. Dette som ei oppmoding om å rydde opp i og sortere avfall heime.
Me håper og trur at me kan få gjennomført begge desse arrangementa i løpet av hausten.