Miljønytte - kjeldesortering

Kjeldesortering er eit godt og enkelt miljøtiltak som alle kan gjera. Ved å kjeldesortera avfallet vårt tek me vare på ressursane i avfallet og sikrar at farleg avfall vert handtert på forsvarleg måte.

Kvifor kjeldesortera?

Foto: Linda Cartridge

Foto: Linda Cartridge

Avfallsmengda i Noreg er dobla sidan tidleg på 70-talet, noko som heng saman med stadig større forbruk. Dersom me held fram i same tempo som i dag, vil me dobla avfallsmengda endå ein gong innan 2030. For å skaffa material til å laga alle produkta som ender opp som avfall, brukar me stadig meir naturressursar. Forbruket av drivstoff og energi aukar også i samband med transport og produksjon av desse varene. Dessutan fører det til stadig aukande utslepp av farlege stoff og drivhusgassar.

  • Det aller viktigaste me kan gjere for å spare miljøet, er å hindre at avfall oppstår. Det gjer me ved å la vere å kjøpe ting som fort vert øydelagt. Me kan lage gåver eller gje bort billettar til konsertar, kino og liknande. Me kan bytte ting, selje på nett, eller arrangera loppemarknad.
  • Avfall som vert kjeldesortert kan materialgjenvinnast og brukast som råstoff i produksjon av nye produkt. Då avgrensar me uttaket av naturressursar, og brukar mindre energi.
  • Me sparar både CO2 og energi ved at avfallet vert materialgjenvunne samanlikna med forbrenning av avfall.
  • Når me utnyttar energien i restavfallet, gjev det fleire klimaverknader. Blant anna erstattar fjernvarme elektrisitet og olje til oppvarming og reduserer utslepp frå lokale varmesentralar.
  • Ved at restavfallet vert energiutnytta i staden for å gå til deponi, reduserer me utslepp av metan frå deponia. I perioden 1990 – 2011 har utslepp av metangass frå deponi gått ned med 38 prosent. Dette er både på grunn av utnytting av avfallsdeponigass til energiproduksjon, men òg på grunn av deponiforbodet som trådde i kraft i juli 2009 då vart det forbode å deponere organisk nedbrytbart avfall (Kjelde: SSB)

Kva med framtida?

Forbrenning av avfall var smart tidlegare med tanke på klimautfordringa. Men samtidig som ein brenn avfall, brenn ein òg ressursar som kunne vorte til nytt råstoff. Med om lag 7 milliardar menneske på jorda, og eit ressursforbruk på 16 tonn materialar i året per person, seier det seg sjølv at etterspurnaden etter råvarer vil gå opp, dvs. at prisen går opp når det er ein knappheit på ressursar. Det finst avgrensa mengder råstoff på jorda vår, så løysinga vert å nytta dei ressursane me allereie har på nytt gjennom materialgjenvinning.

Forrige
Forrige

Tiltak for å redusera matavfall

Neste
Neste

"Nei takk" til reklame