EE-avfall på avvege er ein risiko for menneskje
SIMAS meiner at løysinga er å ta i mot alt elektrisk avfall på bemanna stasjonar
Brennpunktdokumentaren «søppelsmuglarane» på NRK syner at elektrisk avfall frå butikkar vert stole og frakta til land i Afrika.
– Etter å ha sett dokumentaren er det klart at me stiller spørsmål om kvifor butikkar skal få lov til å ta imot elektrisk- og elektronisk avfall (EE-avfall) på same måte som dei har gjort i mange år, seier direktør Hallvard Thomassen.
Fleire frå næringslivet stod fram i dokumentaren og fortalte om truslar frå tjuvane som ville ha elektrisk– og elektronisk avfall. Grunna truslane gjorde ikkje desse personane noko for å stoppe tjuvane som stal openlyst i butikken sine opningstider.
–Det er eit val når ein aktivt ser vekk. Det er eit stillteiande samtykke. Då tek ein ikkje samfunnsansvar på alvor, seier Svein Kamfjord, direktør for avfall og gjenvinning i KS Bedrift.
Nok ei stadfesting på at kontroll av avfall må takast på største alvor
Offentlege styresmakter endra ansvaret for EE-avfall nettopp for at det skulle vere enkelt for innbyggarar og næringsliv å kvitte seg med avfallet på korrekt måte. I forureiningslova av 2004 vart ansvarsforholda for avfall meir generelt. Intensjonen var at når næringslivet fekk ansvar for eige avfall ville det førebygge forsøpling og forureining.
– Me ser no at det ikkje har skjedd, seier Kamfjord. –Intensjonane til dei offentlege styresmaktene vart ikkje innfridde. Dette gjeld område for område, både plast og forsøpling generelt. Dokumentaren «søppelsmuglarane» på NRK er nok ei stadfesting på at kontroll av avfallskjeda må takast på største alvor.
Verken Miljødirektoratet, Tollvesenet eller menneskja frå elektrokjeda som vart intervjua i dokumentaren kom med framlegg til ei løysing.
SIMAS er samde i KS Bedrift Avfall sitt framlegg til løysing.
– EE-avfall bør leverast til bemanna mottak. På kommunale gjenvinningsstasjonar har tilsette opplæring i handtering av farleg avfall, og dei kan halde EE-avfall innelåst fram til sikker levering, avsluttar Thomassen.
Om dokumentaren
Brennpunktdokumentaren «Søppelsmuglarane» granskar kvar søppelet tek vegen, og kva som skjer med det. Gamle bilar i Noreg vert lasta med elektrisk- og elektronisk avfall og køyrde til afrikanske land, i hovudsak Nigeria. Transporten er ein risiko i seg sjølv. Søppelet vert seld, og unge menn arbeider med å få ut den verdifulle koparen til vidaresal. Svart, tjukk, giftige røyk veltar utover områda der avfallet vert delt opp og brent, og det er høge nivå av kreftframkallande flammehemmande stoff i røyken. Elvar er forgifta og naturen er øydelagd. Arbeidarane veit at jobben gjer dei sjuke, men dei har ikkje anna arbeid å gå til, og difor ikkje eit val om å lata vera.
Gjenvinning av metall må skje på ein sunnare og meir miljøvenleg måte. Europa må ta ansvar for eige avfall.