Miljøstasjonen på Leikanger tek imot gjenstandar til ombruk

På Kvålen miljøstasjonen har dei no lagt skikkeleg til rette for at innbyggjarane kan setje frå seg ting til ombruk. Har du noko som er for fint til å kaste? Kanskje ynskjer nokon ein gamal stol som dei kan gje eit strauk med måling? Gje tinga ein sjanse til før de kastar dei i ein container på miljøstasjonen. Gå på skattejakt neste gong du er på miljøstasjonen. Finn du noko fint, kan du ta det med deg heim.

Nokre gjenstandar er på plass i ombrukshjørnet på Kvålen. Legg spesielt merke til det fine hjørneskåpet til høgre i bilete.  

Nokre gjenstandar er på plass i ombrukshjørnet på Kvålen. Legg spesielt merke til det fine hjørneskåpet til høgre i bilete.  

Ombrukshjørnet finn de rett innanfor teltet.

Ombrukshjørnet finn de rett innanfor teltet.

Hugs å nytte Fretex-containerane for innsamling av tekstiler og sko. 

Me minnar óg om prøveprosjektet me har gåande på miljøstasjonen på Leikanger. Hent deg ein oppsamlingsboks for farleg avfall, fyll den opp heime og lever den attende til miljøstasjonen. Hittil har 75 husstandar i kommuna henta ut ein boks og tilbakemeldingane er gode. 

Forrige
Forrige

Hugs å melde adresseendring til Skatteetaten!

Neste
Neste

Få varsel før boset skal tømmast