Vil du jobbe med miljø og renovasjon i Sogn?

SIMAS søkjer ein prosjektmedarbeidar som skal vere med og forme korleis me handterer avfall og ressursar på ein smartare måte.

SIMAS har ei viktig rolle i arbeidet med å ta vare på miljøet og utvikle berekraftige løysingar for framtida. No er me på jakt etter ny kollega som skal hjelpe oss å få “Ressursar på rett veg”.

Som prosjektmedarbeidar vil du jobbe med sentrale prosjekt i SIMAS. Her får du verkeleg vere med på å påverke utviklinga av SIMAS som eit framtidsretta renovasjonsselskap.

I første omgang vil du få eit særleg ansvar for å lede prosjektet med å forbetre returpunkta for fritidsrenovasjon. I tillegg kan du bli med på andre prosjekt knytta til t.d. ruteplanlegging, ombruk, ny teknologi og tiltak mot forsøpling.

Me ser etter deg som har gjennomføringsevne, engasjement for miljø og lyst til å bidra i eit triveleg arbeidsmiljø. Erfaring frå prosjektarbeid og/eller utdanning innan tekniske fag er nyttig, men det viktigaste er at du vil lære og bidra.

Hos SIMAS får du ein meiningsfull jobb i naturskjønne omgjevnadar i Festingdalen på Kaupanger, saman med kjekke kollegaer i eit fagmiljø med stort engasjement for miljø og framtid.

  • Stilling: Prosjektmedarbeidar

  • Omfang: Heiltid

  • Søknadsfrist: mandag 21. april 2025

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Vårinnsamlinga vert flytta til haust 2025