Lavik skule med matsvinn-prosjekt

Sjå den flotte filmen dei har laga om matsvinn og ureining.

10. klasse ved Lavik skule har hatt eit samarbeidsprosjekt med oss i SIMAS med tema matsvinn og ureining. Me har lært dei korleis me jobbar i SIMAS, gitt fakta om matsvinn og svart på spørsmål. Elevane fortalde oss kva dei var interessert i og ville lære meir om, og ut frå dette fekk dei overlevert eit oppdrag me ynskte dei skulle løyse.

Oppdraget såg slik ut:

Matavfall:

  1. Kva er årsaka til at brukbar mat vert kasta hjå dykk?

  2. Kartleggje kor mykje matsvinn de har på 1 veke

  3. Berekne kva dette kostar for dykk?

  4. Kva kan gjerast for å redusere matsvinnet?

Ureining:

  1. Kva type boss blir kasta i naturen?

  2. Lage film/informasjon der folk vert oppfordra til å halde naturen rein

  3. Plukke boss

For å finne svar på spørsmåla har elevane nytta fleire metodar: Spørjeundersøking, innfyllingsskjema til 11 ulike heimar, bosplukking i Lavik, matlaging og til slutt laga ein film med resultat.

Positivt resultat

I spørjeundersøkinga stilte dei mellom anna spørsmålet “Er vi innstilt på å kaste mindre brukbar mat?”.

– Eit sterkt fleirtal viste oss at det er mange som er innstilt på å forandre kor mykje dei kastar. Dette er eit kjekt resultat å få, fortel dei.

 

Resultata dei fekk har 10. klassingane nytta til å lage ein film med gode tips til korleis kaste mindre mat. Dei har i tillegg vist kva dei fann når dei plukka bos i lokalområdet.

Alle funna har ført til fleire tiltak, mellom anna filmen over.

– Mange av tiltaka våre handlar om å opplyse folk og gjere dei beviste på matsvinn og ureining av naturen. Derfor har vi invitert lokalavisa Ytre Sogn og politikarar til presentasjonen vår. Vi håpar at informasjonen vil nå ut til flest mogeleg!, seier dei i rapporten dei har laga.

Sjå presentasjonen her.

På besøk i Festingdalen:

Her er 10. klassen på besøk i Festingdalen i mai: Tuva Hjelmeland, Tomine Akse Bjørkhaug, Hannah Fetzer Torvund, Agathe Bosdal, Aksel Hanevik Nilssen og Vilde Fetzer Torvund.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Me søkjer mekanikar og vedlikehaldsansvarleg

Neste
Neste

Endringar Kristi himmelfartsdag - 26. mai