Kva med å innføre restetorsdag?

RESTEMAT: Middagsrestar passar godt som restemat dagen etter. Kjøtkaker i pitabrød er godt i matboksen. Foto: Matprat

RESTEMAT: Middagsrestar passar godt som restemat dagen etter. Kjøtkaker i pitabrød er godt i matboksen. Foto: Matprat

Her er sju tips til korleis du kan kaste mindre mat.

  1. Planleggja rett
    Finn dei rutinane som passar best for deg og din familie. Legg ei handleliste på benken som alle skriv opp ting på når noko manglar. Slik unngår du å ha 4 ketchupflasker og tacosausar i skåpet, og du kjem heim med det du faktisk treng. Planlegg menyen for veka slik at nokon av råvarene passar i fleire rettar. Då sikrar du å få brukt opp alt.

  2. Hald orden i kjøleskåpet
    God orden og hygiene i kjøleskåpet kan spara hushaldninga for mykje matsvinn, og mykje pengar. Set den eldste rømmen fremst i kjøleskåpet og ha ei eiga skuff eller hylla til t.d. pålegg. Pakk restemat og opna pakningar godt inn før du set dei vekk. Det hindrar uttørking og matsmitte i kjøleskåpet.

  3. Bruk frysaren
    Hugsar du å eta maten i frysaren før den vert for gamal? Merk maten med datoar ved innfrysing, så har du oversikt. Det er fornuftig å frysa ned maten i passande porsjonsstørrelsar. Ta omsyn til størrelsen på hushaldninga.

  4. Innfør restetorsdag
    Legg inn ein restedag i veka. Matvett har innført begrepet Restetorsdag, slik at me kan eta oss "ut av skåpet" på torsdagar, og handle inn ny mat med godt samvit til helga. Du sparar pengar og slepp å kasta verdifulle ressursar som har reist langt for å komma til din tallerken, for ikkje å snakka om avfallsdunken.

  5. Oppbevar maten rett
    Forskning viser at mat som skal ha det kaldt, som kjøt, fisk og meierivarer, aukar haldbarheita med mange dagar dersom dei vert oppbevart ved rett temperatur. Pakk maten godt inn og få den raskt i kjøleskåp når du kjem frå butikken, så vert haldbarheita forlenga ei stund.

  6. Bruk sansane før du kastar
    «Best før»-datoen opplyser når produsenten meiner at maten er på sitt beste. Det betyr ikkje at den ikkje er etande eller dårleg etter at «best før»-datoen er gått ut. Bruk sansane dine før du bestemmer om du skal eta eller kasta maten. Mat merka med «siste forbruksdag» er lett bedervelege matvarer som fersk fisk, bearbeidde kjøtprodukt, kylling, rå pølser, innmat og ein del kjøtpålegg. Dette er mat som er merka for å sikre mattryggleik.

  7. Tenk alternativ bruk
    Sjølv om råvarene endrar karakter, betyr det ikkje at dei ikkje er etande. Oppskrifter på restemat finn du på matvett.no. Du kan søkja på ingrediens og få oppskriftsforslag ut frå det du har i skåpet.

Tipsene er henta frå artikkelen “Bli ein meister i matvett på 1-2-3” som vart publisert 4.november 2016.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny plassering for fritidscontainer

Neste
Neste

Nyttar du aviser når du fyrer i omnen?