Anlegge plen? Prøv kompostmix

– Slik ser plenen ut etter 10 veker med 15 cm kompostmix som underlag. 

“Ingen gjødsling eller kalking verken før etablering eller etterpå”. Det fortel ein av kundane våre.

I SIMAS sel me næringsrik kompost i lausvekt. Du kan velje mellom tre ulike produkt.

Kompostmix: Eigenskapar og bruk

Kompostmix er rein kompost blanda med sand. Dermed er dette eit produkt du kan plante direkte i, men me anbefaler gjerne at du blandar i litt jord. Kompostmix eigner seg godt til oppbygging av grønsakhagar, blomsterbed, buskplanter og plen.

Me tilfører fin natursand, slik at komposten er god å jobbe med.

Tilgjengeleg i Festingsalen

All kompost frå SIMAS er fri for store steinar og har god drenering. I tillegg har komposteringsprosessen teke knekken på ugrasfrø, snigleegg og maur.

Me tilbyr rein kompost på alle miljøstasjonane våre, medan kompostmix kun er tilgjengeleg på jordtorget i Festingdalen.

Kompostmix koster 630 per m3, og 50 kroner per sekk.

Les meir om SIMASkompost

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fyll på med kompostjord i hagen

Neste
Neste

Dette bør du vite: Hageavfall og framande artar