Hytterenovasjon - kva betalar du for?  

Den nye gebyrmodellen for hytterenovasjon har skapt nokre reaksjonar. Mange etterlyser meir informasjon om kvifor dei nye gebyra er som dei er, så her kjem nokre presiseringar.

 Av Hallvard Thomassen, direktør i SIMAS.

Som mange andre avfallsselskap ser SIMAS ei stor auke i avfallsmengda frå hytter. Dette heng saman med at hyttene har vorte større, er meir i bruk og i auka grad vert leiga ut. SIMAS sine eigarkommunar finn det såleis rett å differensiere gebyret.

I fjor betalte alle hytteeigarar i SIMAS-regionen same gebyr. Ettersom mange hytter har fått auka størrelse og endra bruk, medan andre hytter har uendra storleik og uendra bruk, er det rimeleg å differensiere gebyret. Nokon har fått auka gebyr, andre redusert. Ein del personar etterlyser også heimel i lov, det vil me vidare vise til.

Lovheimel; Ureinar skal betale

Prinsippet for all avfallshandtering er Ureiningslova §2 styrande. I tillegg er det mange ulike forskrifter og retningslinjer som gjev føringar. Ifølgje ureiningslova er fritidsbustader, inklusiv hytter, definert som privat hushald (§ 27a, fyrste avsnitt). På vegne av eigarkommunane, pliktar SIMAS å samle inn hushaldsavfall (§ 30, fyrste avsnitt). Opphaveleg var det opp til kommunen å bestemme om det skulle krevjast gebyr for kommunale tenester knytt til renovasjon. Berekning og spørsmål om kven som skulle betale, vart fastsett i forskrift. Forskriftheimelen vart seinare erstatta med lov. I denne samanhengen vart det presisert at «…det er riktig å gi kommunane en relativ fri stilling».

Kommunane sto også ganske fritt til å vurdere kor stor del av avfallshandteringa som skulle finansierast gjennom gebyrordninga. Her har det vore ulike ordningar i dei ulike SIMAS-kommunane, men alle har no innført tvungen hytterenovasjon i heile kommunen. SIMAS utarbeida ny renovasjonsforskrift i 2016, gjeldande frå 01.01.17. Det vil verta ei revidering av denne forskrifta i 2020.

Som nemnt over, har kommunane valt å differensiere gebyret for å gjere det meir rettferdig. Utgangspunktet for ny gebyrmodell er difor ein presumpsjonen om at private hushald som ligg lengre enn ein kilometer frå køyrbar veg, utan straum og innlagt vatn, er mindre i bruk enn store hytter, lagshytter og utleigehytter. Difor meiner kommunane at det å regulere gebyret slik, er hensiktsmessig og i samsvar med prinsippet om at ureinar skal betale. Dette er òg ei differensiering som har vore nytta av andre avfallsselskap i Noreg i mange år.

SIMAS jobbar stadig med eit betre tilbod

SIMAS meiner at den nye gebyrmodellen stettar regelverket. I avfallsbransjen vert det arbeida med nye løysingar som i sterkare grad er målretta inn mot krav om meir utsortering og materialgjenvinning. Dette som ein del av overgang til ein sirkuler økonomi.  

Når det gjeld hytte- og fritidsrenovasjon, kjem det til å verte ein form for kjeldesortering og moglegheiter for ulike tenestetilbod. Det er mange ulike løysingar som vert testa ut eller nytta rundt om i landet. Her ønskjer me å bli betre framover.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Råd til bransjen om corona-viruset

Neste
Neste

Til deg som bur i sameige: