Heile Noreg ryddar i mai

Torsdag 3. mai inviterer NRK til ryddedugnad med aksjonen «Hele Norge Rydder». 

Dette er ein aksjon for å få folk til å fjerne forsøpling og flygeavfall som ikkje ligg i fjøra. Les meir om aksjonen her.

SIMAS IKS bidreg med å ta imot avfallet kostnadsfritt i opningstida på miljøstasjonane. Aksjonsleiar må ta ansvar for transport av avfallet inn til miljøstasjonen.

Avfallet skal leverast i gjennomsiktige sekkar. Avfallet i sekkane treng ikkje å vere sortert, men skal ikkje innehalde farleg avfall (batteri, sprayboksar, reingjeringsmiddel osv.) og større gjenstandar. Dette må leverast for seg sjølv.

Hugs; det er ikkje meininga at aksjonen skal nyttast til å rydde ut av kjellarar og uthus. Det er herrelaust avfall, forsøpling og flygeavfall frå naturen, i sentrum og langs med veger som skal leverast!

SIMAS hadde eiga ordning med gratis levering for hushaldningar laurdag 21. april – kalla Miljødagen - som i år òg vart ein suksess! 


Laurdag 5. mai er det duka for «Strandryddedagen». 

Denne aksjonen er i regi av Hold Norge Rent. Les meir om aksjonen og korleis du kan delta her

Dette er ein aksjon som fokusera på ryddinga av strandsoner og områder knytt til vassdrag. Eigne sekkar til marint avfall merka med Kystlotteriet må nyttast. Kystlotteri-sekkane er gratis å hente ut og levere på miljøstasjonane.  

PS! Miljøstasjonane til SIMAS IKS held ikkje ope på Strandryddedagen, men tek imot sekkar knytt til Kystlotteriet i opningstida heile året.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vårryddeaksjon 2018

Neste
Neste

Strandryddedagen 2018