Har du baderomsfliser til overs?

baderomsfliser gjenbruk.jpg

Då vil me høyre frå deg! Me treng fliser til den nye miljøparken i Luster.

Nytt administrasjonsbygg for tilsette

Den best besøkte miljøstasjonen hjå SIMAS skal utvidast, og den nye miljøparken i Gaupne begynner å ta form. På den nye tomta, ved Røneidsgrandane, skal det mellom anna opp eit administrasjonsbygg for dei som jobbar i miljøparken.

Til dette bygget vil SIMAS nytte ombruksmateriale og kreative løysningar, og me har tidlegare etterspurt ombruksmateriale til bygginga.

Treng baderomsfliser

Sjølv om bygginga er godt i gang, treng me fortsatt baderomsfliser til veggar og golv i det nye bygget. Desse vil bli nytta til nye dusj- og baderomsfasilitetar for dei ansatte.

No håpar me at nokon har fliser liggjande på loftet eller i boden som kan få nytt liv i miljøparken.

– Eg håpar folk ser moglegheita til å setje sitt preg på bygget, seier Geir Øygard i SIMAS, som er koordinator for prosjektet.

Har du baderomsfliser å gje bort? Ta kontakt med Geir Øygard: geiro@simas.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Stort engasjement på Gjenvinnerdagen

Neste
Neste

No kjem den fjerde dunken til Sogndal