Hald naturen fri for bos i sommar

Det tek over 2 månader før eit bananskal er brutt ned i naturen, og med ei plastflaske tek det heile 10-20 år. Her får du nokre gode tips.

Norsk natur har mykje flott å by på i sommar, men hugs på sporlaus ferdsel. Som hovudregel skal det vere like fint når drar, som då me kom.

Mange tenker at det er greitt å leggje igjen matrestar som bananskal, jordbærstilkar eller halvspiste pølser i naturen. Dei blir jo brutt ned uansett?

Ofte kan det ta svært lang tid før avfallet er brutt ned. Difor er det langt betre at du tek med deg avfallet til nærmaste bosdunk eller eventuelt heim for å kjeldesortere.

Her er nokre tips:

  • Skal du spise ute, vel mat som ikkje har mykje eingongsemballasje

  • Lag gjerne klart måltidet heime før du dreg

  • Ta med ein ekstra pose i sekken for å oppbevare og ta med alt av bos

  • Unngå eingongsprodukt viss du kan

  • Hugs at plastleiker som spadar og bøtter blir til avfall viss det blir liggande/gløymt igjen

  • Sjå deg rundt når du dreg, pass på at du har fått med deg alt

Sjå gjerne videoen under for litt inspirasjon. God sommar!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

På besøk i Sogn i sommar? Slik sorterer du avfallet ditt

Neste
Neste

Avfallskalender frå 1. juli er på plass