God plass i behaldaren for restavfall?
Det er rimelegare å byte til mindre behaldar.
Vanskeleg å fylle behaldaren for restavfall? Først og fremst må me sei «godt jobba»! Og vidare spørje: visste du at du kan endre storleiken på behaldarane heime hjå deg?
Ved til dømes å byte ut ein 140L (standard) med ein behaldar som rommar 80L får du ein årleg reduksjon på 538 kroner. Les meir om dei forskjellige behaldarane her.
På heimesida vår kan du raskt og enkelt gjera endringar gjennom «Mi side». Bruk Bank-ID for å logge inn. Trykk her for å gjere endringar.
Om du ikkje er komfortable med digitale verktøy eller kjenner nokon som ikkje får med seg informasjon på nett: tips dei gjerne og ta kontakt per telefon på 57 65 70 70, så kan me hjelpe.
God kjeldesortering!