Fulle containarar og søppel som flyt i naturen?

Me set stor pris på tilbakemeldingar frå dykk om fulle containarar!

Tilbakemeldingane frå dykk gjer at me får sendt ein ekstra bil for å tømme containaren som er full, samstundes som me får vite om kva område som har stor pågang.

Auka tømmefrekvens i sommar

I sommar tømmer me hyttecontainarane oftare enn i dei andre sesongane, men dei kan likevel verte fulle sjølv om me har auka frekvensen monaleg. Då sender me ein ekstra bil dersom det er for lenge til den ordinære tømmedagen.  

Kven er ansvarleg for fulle bossbøtter?

Det er kommunen som er ansvarleg for offentlege avfallsbehaldarar rundt omkring i kommunane. Desse tømmer kommunen som regel sjølve. Nokre stader har kommunane bestilt behaldarar av SIMAS, og dei er det me som tømmer. Då er det kommunen som avgjer tal behaldarar og tømmefrekvens. Utanfor næringslokale, som til dømes kafè- og restaurantar er det eigarane som er ansvarlege for å halde det reint og ryddig.

Du bidreg til å hjelpe oss – og naturen!

Når du ser område med fulle søppelbøtter og at forsøpling er eit problem – og gjev oss, kommunen eller den næringsdrivande beskjed om dette – då hjelper du både oss og naturen!

Forrige
Forrige

Nytt returpunkt i Leikanger

Neste
Neste

Endra opningsdag i Leikanger og Balestrand