Forsøpling ved returpunkt i Hodlekve held fram

Foto: Sogndal kommune

Foto: Sogndal kommune

Det har vore eit gjentakande problem med forsøpling i Sogndalsdalen. 

Det er trist å sjå returpunktet med hyttecontainer ved Hodlekve i Sogndalsdalen nok ein gong er utset for forsøpling. Det ser ut som folk dumpar alt mogeleg utanfor hyttecontaineren, utan å tenkje på at det blir liggande. Det endar med at fellesskapet må rydda opp etter enkeltindivid. 

Denne gongen ligg det igjen mellom anna utemøblar, målingsspann og glasflasker. Dette skal leverast på miljøstasjon eller ved returpunkt for glas og metall. 

Foto: Sogndal kommune

Foto: Sogndal kommune

Kva gjer ein med slikt bos?

Hugs å ta ansvar og få levert større ting, samt miljøfarleg avfall, direkte til ein av våre miljøstasjonar. Kvifor ikkje ta ei runde innom Festingdalen på veg til ferja ein dag?

 Tenk på miljøet! #ressursarpårettveg

Foto: Reno Norden. Slik såg det ut ved same hyttecontaineren ved eit høve i vinter

Foto: Reno Norden. Slik såg det ut ved same hyttecontaineren ved eit høve i vinter

Forrige
Forrige

Lag eigen jord til bed og kjøkenhage - heimekompostering

Neste
Neste

Endra plassering av returpunkt i Høyanger sentrum