For SIMAS er kunden alltid i fokus
På årets strategisamling gjekk SIMAS-tilsette endå djupare ned i kjerneverdiane, som me utarbeida ved strategisamlinga for eit år sidan; Nytenkjande, engasjert og stolt. Med kunden i fokus!
Saman skulle me forklare og fylle orda med endå meir innhald – kva legg me i kjerneverdiane?
Det er kjerneverdiane som kjenneteiknar oss. Dei tre orda – nytenkjande, engasjert og stolt – definerer oss og beskriv åtferda vår og korleis me samhandlar med andre.
For SIMAS er kunden alltid i fokus. Kundane våre skal møte pålitelege og kunnskapsrike medarbeidarar. Me jobbar kontinuerleg for å utvikle oss og er framoverlent for å dekkje dei ynskjer og behov kundane har.
Me er ein organisasjon prega av openheit. Mellom kollega, leiar, samarbeidspartnarar og kunde. Me skal tilstrebe dette i kvardagen. For å oppnå å vera den me er og for at ressursar alltid er på rett veg.
Har du spørsmål? Kontakt oss gjerne.