Enkelt å levera batteri til gjenvinning

Alle butikkar som sel batteri tek imot desse slik at batteria kan sendast til gjenvinning. Det gjer det enkelt for deg å gjere noko for miljøet.

SAMLE OG LEVERE: Å samle batteri du har liggjande heime og levera dei til gjenvinning er svært enkelt og viktig. Foto: Åsa Maria Mikkelsen.

SAMLE OG LEVERE: Å samle batteri du har liggjande heime og levera dei til gjenvinning er svært enkelt og viktig. Foto: Åsa Maria Mikkelsen.

Sjølv om mange er flinke til å levera elektrisk og elektronisk avfall riktig, so er det mange som slurvar med dei små tinga, som innlevering av batteri. Det er det ingen grunn til, for å levera batteri er noko av det enklaste du kan gjere for å slanke restavfallet.

Det finst mange ulike typar batteri. Det kan vere ørsmå batteri som til dømes i klokker eller høyreapparat, vanlege batteri til lommelykter og leiker eller større batteri i elektronikk og køyretøy.

Inneheld batteri miljøgifter?

Heldigvis er ikkje alle batteri miljøskadelege. Me skil mellom miljøtilpassa og miljøskadelege batteri. I dag er tungmetall fjerna frå vanlege hushaldningsbatteri slik at dei ikkje lenger er miljøskadelege. Batteri skal likevel leverast til gjenvinning, slik at materiala kan nyttast om igjen.

Nokre batteri er miljøskadelege. Miljøskadelege batteri kan innehalde tungmetalla kadmium (Cd), kvikksølv (Hg) eller bly (Pb). Desse stoffa er blant dei farlegaste miljøgiftene me kjenner til og kan gjere stor skade på miljø, dyr og menneske dersom dei kjem på avvege. Slike batteri er merka med ein avfallsdunk med kryss over, i tillegg er symbol for eit av dei tre tungmetalla, Cd, Hg eller Pd. Det er ikkje alltid lett å sjå forskjell, men det ser dei som gjenvinn batteria. Det er særs viktig at dei miljøskadelege batteria vert levert inn.

Når batteri vert gjenvunne, kan materiala nyttast om igjen. Vanlege hushaldningsbatteri inneheld sink. Ein antek at dei vil gå tom for sink om ti år, om me held fram å utvinne like mykje som me gjer i dag. Difor er det viktig å nytte råvara fleire gonger framfor å stadig utvinne nye frå naturen. Når du levera inn batteria dine til gjenvinning bidreg du til å ta vare på ressursane.

Kva gjer du med batteria?

SMART OPPBEVARING: Samle gjerne brukte batteri i ein boks som det er lett å ta med seg til butikken for innlevering. Ved å teipe polane redusera du fara for at batteria kortsluttast. Foto: Stine Strachan.

SMART OPPBEVARING: Samle gjerne brukte batteri i ein boks som det er lett å ta med seg til butikken for innlevering. Ved å teipe polane redusera du fara for at batteria kortsluttast. Foto: Stine Strachan.

Å levera batteri til gjenvinning er enkelt. Uansett kva type batteri du har, kan du levera det til ein forhandlar som sel tilsvarande batteri eller på kommunale mottak. Alle matbutikkar tek imot vanlege batteri. Du finn ofte ein liten miljøstasjon i butikken der du òg kan levera andre ting til gjenvinning. Det kan vere noko restenergi igjen i brukte batteri, so teip polane før du levera dei frå deg. På den måten gjer du batteria mindre brannfarlege.

Har du gamle batteri i skuffene? Lever dei inn til gjenvinning slik at ressursane ikkje kjem på avvege, men vert gjenvunne.

Unngå at gamle batteri vert liggjande i skuffer og skap. Samle heller brukte batteri i ein liten behaldar som er lett å ta med seg i handlenettet når du skal på matbutikken. For mange fungera det fint å ha ein liten boks i kjøkkenskuffen, med ein taperull oppi, so gløymer du ikkje å teipe polane.


OM GJENVINNING AV BATTERI

Kvifor: Ved å gjenvinne miljøskadelege batteri, so unngår me at miljøgifter slepp ut. Samtidig sparar me ressursar og klimautslepp ved å gjenvinne materiala i batteria. Ved å gjenvinne dei vanlege miljøtilpassa batteria, so sparar me òg bruk av naturressursar og klimautslepp.

Korleis: Samle brukte batteri i ein passande behaldar. Hugs å tape polane for å unngå brannfare under transporten. Lever dei inn hjå ein forhandlar som sel tilsvarande batteri. Vanlege batteri kan til dømes leverast på matbutikken. Batteri kan òg leverast til mottak for farleg avfall og kommunale miljøstasjonar. Sjekk på sortere.no. Hugs: Ingen batteri skal kastast i restavfallet.

Vanskelegheitsgrad: Superenkelt

Gjenvinningsgrad: Alle batteri vert sendt vidare til gjenvinningsverk og alt som er mogeleg å gjenvinne i eit batteri vert gjenvunne.

Godt å vita: Det kan vere noko restenergi igjen i batteria, so tape polane på batteria før du levera dei frå deg!

Miljøgevinst: I tillegg til å ta vare på verdifulle naturressursar, går miljøskadelege stoff, som bly, kvikksølv og kadmium, inn i lukka kretsløp i gjenvinningsprosessen. Då unngår me at desse stoffa kjem på avvege der dei kan vere skadelege for menneske, dyr og natur.

Kven: Selskapet Batteriretur® sørgjer for at brukte batteri som er levert inn, vert sendt til godkjente behandlingsanlegg.

Kva vert det til?

● Plasten frå blybatterikassene kan verte til isskraper

● Bly til nye blybatteri

● Sink til sink i nye batteri, til korrosjonsvern eller pigment i maling og i metallegeringar

● Kadmium til nye kadmiumbatteri

● Nikkel og kobolt til metallegeringar i stålindustrien

Lær meir

batteriretur.no

erdetfarlig.no

miljostatus.no/batterier

sortere.no

Foto sak: VANLEGE BATTERI: Dette er miljøtilpassa batteri som ofte brukast i lommelykter, radio, leiketøy og ein rekke andre vanlege produkt. Hugs å teipe på begge polane før du levera dei inn til gjenvinning. Foto Åsa Maria Mikkelsen.

 

Forrige
Forrige

No er det sommartid på miljøstasjonane

Neste
Neste

Planlegg du å skifte ut dei gamle vindauga?