400 elevar lærer om ombruk og kjeldesortering
SIMAS og ViteMeir er i gang med det årlege skuleopplegget for 4. klassingane i Sogn.
Ein gong i året kjem spente elevar på besøk til SIMAS og ViteMeir. Målet med opplegget er å lære elevane om gevinstane frå kjeldesortering og visa dei kor mykje som ikkje er øydelagt som vert kasta.
På Vitemeir får elevane prøve seg på redesign av brukte tekstil gjennom praktiske oppgåver. På SIMAS-anlegget i Festingdalen får dei guida omvising og lærer om korleis dei ulike ressursane blir handtert.
– Det er altlid kjekt å få besøk av elevar. Dei er nysgjerrige og kan mykje frå før også, seier rådgjevar Jørn Mortensen som deltek på skuleopplegget hjå SIMAS.
Viktig kunnskapsformidling
Eit av områda SIMAS arbeider mykje med, er haldningsendring når det gjeld “bruk og kast”-mentalitet. Ein viktig del av dette er å jobbe med informasjon og kunnskapsformidling, særskilt opp mot born og unge.
I tillegg til opplegg for 4. trinn, plar SIMAS å halde forelesningar for fyrsteklassingane på yrkesfag ved Sogndal vidaregåande skule og for studentar på studiet Fornybar energi ved Høgskulen på Vestlandet. Me samarbeider óg med Ungt Entreprenørskap sitt ‘SMARTere teknologi’-program for 6. klassingar.