Lyst å starte med heimekompostering? Bli med på kurs!

Kompostering er lærerikt, kjekt og det gjev deg næringsrik jord som du kan bruke i hagen.

Kurs i heimekompostering er i samarbeid med Christian Zurbuchen frå Økoringen Vest. Kurset tek føre seg korleis ein kompostera sitt eige organiske avfall, og me ser på kompostbingen SIMAS formidlar og anbefaler. Dette er eit tilbod til alle SIMAS-abonnentar som heimekomposterer eller som kan tenkje seg å starte med dette.

Kurset er gratis og det er sett av tre timar.

Påmeldingsfrist 1. mai.

Meld deg på via kontaktskjema på vår heimeside, eller via e-post til victoria@simas.no. Du kan òg ringe 57 67 69 94.


Kvifor heimekompostering?

I tillegg til at du får næringsrik jord som du kan nytte i hagen får du også 35 % avslag i renovasjonsavgifta frå SIMAS. For å få avslag i renovasjonsavgifta må du sende inn ein enkel søknad, og du må ha gjennomført eit gratis kurs i kompostering.


SIMAS sel Separett Kompen.

SIMAS sel Separett Kompen.

Kjøp kompostbinge hjå SIMAS

Me anbefalar kompostbinge av typen Separett Kompen. Kompostbingen er isolert for heilårsbruk og produsert i miljøvenleg resirkulerbart polyetylen plast. Den er svanemerka og har fem års garanti mot fabrikasjonsfeil. 

Behaldaren har dobbel botn, dreneringsrøyr og lufteventil i loket. Komposteringstid er omlag 10 til 12 veker. Den ferske komposten bør ligge til etterkompostering, til dømes i ein haug/ranke saman med moden kompostjord, kvist og/eller anna hageavfall.

Kompostbinge Separett Kompen kan du kjøpe hjå oss for kr. 3670 + kr. 567,50 i frakt til våre abonnentar i Sogn.

PS! Alle som heimekompostera kan hente gratis strø på miljøstasjonane i alle SIMAS-kommunane.

Les meir om tilbodet vårt her.


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hageavfall og framande artar kan du leverer hjå oss

Neste
Neste

No får du tilskot til tøybleier