Bli med på prøveprosjektet på Leikanger!

Nærare 100 husstandar i Leikanger kommune har til no henta seg ein oppsamlingsboks for farleg avfall. Me ynskjer endå fleire, so om du ikkje har henta deg ut ein boks, so gjer det no! Gje gjerne oss eller operatør på miljøstasjonen tilbakemelding om kva det syns om ordninga.

Ordninga fungera slik at innbyggjarane (pr. no på Leikanger) kan ta med seg ein oppsamlingsboks for farleg avfall heim frå miljøstasjonen. Heime fyller de den opp med farleg avfall, liste over kva avfall som kan og ikkje kan leverast i boksen vert lagt oppi boksen. Ta den med tilbake til miljøstasjonen slik at operatørane kan finsortere innhaldet. Ta med deg ein ny boks heim om du ynskjer ein oppsamlingsrunde til.

Forrige
Forrige

"Nei takk" til reklame

Neste
Neste

Slutt på FM-nettet - kva gjer du no?