Bestilling av avfallsbehaldar for privat hushaldning

SIMAS får mange bestillingar på avfallsbehaldarar til hus som ikkje har fått mellombels bruksløyve eller ferdigattest.

Før SIMAS kan levere ut avfallsbehaldarar til nyoppførte bustader, skal det liggja føre mellombels bruksløyve eller ferdigattest frå kommunen. Kopi av bruksløyve/ferdigattest vert sendt SIMAS når slikt løyve/attest vert gjeve av kommunen. Dersom dette ikkje ligg føre er bruken ulovleg og SIMAS vil ikkje kunne levere ut avfallsbehaldarar.

Me opplyser òg om at avfallsbehaldarar skal stå att på eigedomen når ein flytter. Om ein flytter inn i nyoppsett hus eller til eit hus utan avfallsbehaldarar skal det bestillast nye hjå SIMAS.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ope informasjonsmøte om prosjektet på Håbakken

Neste
Neste

Kommunalt tillegg i Lærdal kommune