Snart klart for Batterijakten 2024
I 2023 samla elevane inn heile 138 tonn batteri. Kor mykje blir det i år?
Samtidig som stadig fleire ting går på strøm, veks haugen med brukte batteri. I Noreg har kvar heim rundt 70 batteri i elektrisk utstyr til ein kvar tid, og då er det viktig at desse blir levert til gjenvinning.
Kvart år arrangerer Miljøagentene konkurransen “Batterijakten”. Her kan 4. klassar i heile landet vinne flotte pengepremiar til miljøvennlige formål som kjem elevane til gode.
Årets konkurranse startar 4. mars og varar til 24. mars, men påmeldinga er open allereie no.
Kvifor sortere batteri?
Å gjenvinne batteri gir:
Redusert etterspurnad etter råstoff som batteri blir laga av. Mange av desse, som sink, kadmium, litium og kobolt, finst ikkje i Noreg og kun i begrensa mengde. Dei blir henta ut frå gruver, ein prosess som gir store klimagassutslipp og øydelegg naturområde.
Sikker handtering av miljøgifter på godkjente gjenvinningsanlegg.
Korleis sortere batteri i Sogn?
Teip polane på batteria, då unngår du at dei utgjer ein brannfare
Ta med batteria og lever gratis til i daglegvarebutikk eller på miljøstasjon
Det kan vere lurt å samle brukte batteri eit syltetøyglas eller isboks, og ta dei med samtidig som du handlar eller pantar flasker.