6. klassen rydda bos og vann i Kystlotteriet - TO gonger!

6. klasse ved Leikanger skule vann til saman 7500 kroner i Kystlotteriet.

Først vann dei 2500 kroner i den lokale trekninga, så vann dei 5000 kroner til i den regionale trekninga!

– Første gongen me vann, jubla ungane. Me tok ein runde med pizza og brus i klassen å feira. At me har vunne igjen, veit ikkje elevane enno, for dei har teke sommarferie. Så det får dei vite til hausten, fortel lærar Arnstein Hauge.

Premien på 5000 kroner vil bli nytta til å lage ein miljødag, der alle 5., 6. og 7. klassingane får vere med, ettersom dei var med å plukka bos. Hauge fortel at elevene har vore ivrige. Dei hadde ein felles dag med bosplukking, der dei plukka 11-12 plastsekkar med plast. Og så har dei sett videoar av dyr som er fulle av plast, og vore innom butikken og sett kor mykje plast som blir nytta til emballasje.

– Det er utruleg kor mykje plast ein finn når ein begynner å plukke, særleg i fjøra. Eg trur dette har gjort inntrykk. Elevane har vore ivrig på å reise ut å plukke plast i ettertid, fortel Hauge, som håpar dei tek det med seg vidare.

Vinnarar lokal trekning:

14. juni hadde me lokal trekning i Kystlotteriet. Det vart totalt samla inn 337 sekkar i SIMAS sine eigarkommunar under Strandryddeveka i mai, og vinnarane var spreidd over fleire kommunar.

  • Leikanger barneskule vann 2500,-.

  • Valvik skule & barnehage vann 2500,-.

  • Norevik Vel vann 2500,-.

  • Hannah Siguråst vann middag for to på Walaker hotel i Solvorn.

  • Knut Are Nybø (via Hafslo Bygdelag) vann kurs i fridykking.

Vinnarar regional trekning:

Det var regional trekning onsdag 20. juni, med vinnarar frå Sogn:

  • Leikanger barneskule 6. klasse v/Arnstein hauge vann 5000,-.

  • Hannah Siguråst vann Utkantfestivalen (2 dagspass eller 1 helgepass)

  • Hannah Siguråst vann Førdefestivalen gåvekort 500,-.

Ynskjer du å delta i Kystlotteriet? Du kan delta heile året, ved å hente sekkar og lodd på miljøstasjonane våre. Les meir om lotteriet her.

PS! I haust vil det vere nasjonal trekning, så då er det òg vinnarsjansar.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ølglas frå Øyafestivalen blir kompost i Sogn

Neste
Neste

Ny informasjonsfilm om avfallsbransjen