SIMAS 30 år!
Frå å samle inn bos folk ville bli kvitt, har SIMAS vorte eit selskap som handterer ressursar me kan ta vare på.
Mykje har skjedd sidan 1994, her får du nokre av høgdepunkta:
1994
Oppstart i Grushola
Alle kommunane hadde kvar si ordning med innsamling av svarte bossekkar og eigne deponi.
SIMAS vart stifta 19. mai 1994 som eit interkommunalt selskap mellom Aurland, Lærdal, Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand, Høyanger og Vik kommune. Intensjonen var å få til betre avfallshandtering saman. Det starta med å samle inn aviser som vart køyrt til Eid for å lage isolasjon …
Roald Larsen var første og einaste tilsette!
Ekte SIMAS-karar
Roger Bjelde og Jermund Barsnes vart tilsett i løpet av dei første åra, og er framleis med. Barsnes er pensjonist, men jobbar nokre dagar i Festingdalen, medan Bjelde er sentral i dotterselskapet Sirkla Ressurs.
2000
Flytter til Festingdalen
SIMAS tok over Sogndal kommune sitt deponi i Festingdalen i 2000. Det vart bygd eit nytt administrasjonsbygg (med eigen hybel til direktøren som vekependla).
Første SIMAS-bil
Dei to første glasigloane som vart kjøpt inn, henta Roger på Askøy og køyrde opp til Turtagrø. Dette var i den første SIMAS-bilen, ein Ducato varebil.
Alt avfall på deponi
Før 2000 vart alt avfall lagt på deponi rundtom i kommunane. Det einaste som vart gjenvunne, var papp og papir.
Det var ikkje noko felles renovatør, det var forskjellige selskap som henta avfallet i forskjellige kommunar.
Dei første behaldarane blir innført
Jan Halvor Halvorsen og Håvard Flo viser sogningane korleis dei skal nyttast …
2001- 2002
Eige behaldar til restavfall i 2001, erstatta bossekkane.
Eige behaldar til papp og papir starta like etter.
Eige behaldar til våtorganisk avfall i 2002.
Innsamling av plastavfall i eigne sekkar, hausten 2002.
Nytt kompostanlegg til 18,5 mill
Det stod klart 1. mai 2002. Fram til bygget vart klart, vart våtorganisk avfall køyrd til Odda og Eidfjord og kompostert der. Kostnadsramma på kompostanlegget vart på 18,5 millionar.
2001-2002
I starten hadde vi reaktorkomposetering, eit lukka system for nedbryting av biologiske materialer som gjekk automatisk med hyppig påfyll av våtorganisk avfall.
Ambisjonane var store, men det var mykje trøbbel. Rosene døydde og det var mykje søppel i kompostjorda.
2002
2018
Me la ned reaktorkomposteringa og gjekk over til enklare rankekompost. Dette krev meir modningsid og meir plass, men resultatet vart eit heilt anna!
I 2019 fekk me endeleg eit godt, salbart produkt.
Næringsliv, jordbruket, kommunar og privatpersonar byrjarfor alvor å nytte SIMAS-komposten og tilbakemeldingnane vi får blir stadig betre. Me har utvikla tre ulike produkt: Rein kompost, kompostmix og parkkompost.
Vi startar å selje ferdig pakka posar på miljøstasjonene. I 2024 har me rekordsal, folk kjem tilbake og vil ha meir!
2021
2002-2005
Alle kommunane fekk etablert miljøstasjonar med riktig standard.
Vik
Leikanger
Høyanger
2010
Forbod mot deponi
1. april 2010 vart det forbod mot å legge restavfall på deponi. Nå blir alt restavfall samla og køyrt vekk til større anlegg for energigjenvinning.
Presshallen ferdig
No kan alt restavfall, plastemballasje og papp- og papir pressast og pakkast. Då vert transporten rimelegare og mellomlagring enklare - med mindre lukt.
2016
SIMAS Næring blir oppretta som eit dotterselskap for å ta hand om avfallet til næringslivet i Sogn. Blir omdøypt til Sirkla Ressurs i 2018.
2014
2017
SIMAS tek over all renovasjonskøyring i eigen regi.
2021
Opning av Luster Miljøpark i Gaupne. Nesten åtte mål til sortering av avfall og ombruk av materialar.
2022
Alle abonnentar får utdelt dunk for glas- og metallemballasje.
2023
SIMAS ombruk
Alle miljøstasjonane får ombruksbod. Festingdalen utvidar sitt ombrukstilbod.
2024
Årdal kommune inn i SIMAS si fullverdige ordning.
Oppstart av bruktbutikk saman med Omatte i Sogndal sentrum.
“Ressursar på rett veg”:
7 eigarkommunar
17 000 abonnentar
47 tilsette
Innsamling av 5 ulike fraksjonar
2024
“SIMAS har jobba langvarig og systematisk for å auke graden av kjeldesortering, og ligg langt framme i forhold til nasjonale krav. Dette kan alle i Sogn vere stolte av.“
Dagny Ugulsvik Alvik,
direktør i SIMAS.