Slakteavfall: Slik gjer du

Kvar haust får me spørsmål om SIMAS tek imot slakteavfall. Det gjer me!

Avfall frå dyr kan gravast ned lokalt i jaktområdet dersom avfallet ikke vil føre til luktproblem, forsøpling eller nevneverdig skade på miljøet. Avfall som er samla inn, eller teke ut frå eit slakt til human konsum, er rekna som animalske biprodukt i kategori 3.

Vi har godkjenning av Mattilsynet til å kompostere animalske biprodukt i kategori 3, og kan difor kompostere dette i vårt anlegg.

Restar og avfall frå slakt går som bioavfall og kan kastast i behaldaren for matavfall.

NB! Skinnet skal i restavfall

Me ynskjer ikkje skinn eller delar av skinn i matavfallet, då me opplever at det skapar problem i komposteringsprosessen. Skinn og delar av skinn kan kastast i dunken for restavfall.

Årdal: Lever til Festingdalen

Årdølene har ikkje fått behaldar for matavfall enno, men kan levere slakteavfall til godkjent kompostanlegg, Festingdalen. Sjå oversikt over miljøstasjonane her.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kari frå Lærdal vann 10.000 kroner

Neste
Neste

Er du den nye kollegaen vår?